Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fire kollegaer som smiler til kameraet

Jobb hos oss

Vurderer du jobb ved radiologisk avdeling Ålesund og Volda?

Velkommen til oss!

Om oss 

Avdelinga vår inkluderer radiologiske seksjonar i Ålesund og Volda, og organisatorisk høyrer vi til i Helse Møre og Romsdal sin Klinikk for diagnostikk i lag med radiologi Molde/Kristiansund, patologi, mikrobiologi og biokjemi. 

Vi har ein god kombinasjon av unge og erfarne overlegar, med høg kompetanse og stort fagleg engasjement!

I tillegg til diagnostikk og intervensjonar på CT, MR, UL og konvensjonell røntgen, har vi brystdiagnostisk senter og ein topp moderne angio-/intervensjonslab der det blir utført både generelle og avanserte intervensjonar (inkludert EVAR). I avdelinga køyrer vi SPECT-CT og PET-CT. Desse undersøkingane vert tolka av spesialistar i nukleærmedisin ved St. Olavs hospital, men det er store muligheiter for at vi får bygd opp eit eige nukleærmedisinsk miljø i Ålesund i tida framover. 

Det nye AIO-bygget i Ålesund vil gi oss ei etterlengta oppgradering med takhengte røntgen i akuttstovene, eigen traume-CT i akuttmottaket og ei klargjort hybridstove for å auke aktiviteten vår innan intervensjon. Radiologi er eit fag i kontinuerlig rask utvikling. Mykje av det vi gjer i dag var utenkeleg nokre år tilbake, og slik forventar vi at det vil halde fram. Kunstig intelligens er på full fart inn i radiologien, som støtte til helsepersonell i arbeidet.

Radiologi har plass i mange pasientforløp, både i forbindelse med utgreiing og behandling. Dette gir oss anledning til å samarbeide og ha kontakt med fleire spesialitetar og fagmiljø, både internt på sjukehuset og med eksterne henvisarar. 

Hand i hand med den stadige auken i kva radiologi kan utføre, kjem behovet for å sikre at muligheitene vert brukt på ein hensiktsmessig måte. Forventningane om tilgang på tenestene stig stadig, og radiologimiljøet har ei viktig rolle i å motverke ei utvikling i retning av overforbruk, overdiagnostikk og til sist potensielt pasientskader. Vi har også eit spesielt ansvar for å vurdere om stråledoser vi påfører pasienten er forsvarleg opp mot indikasjon. 

Kva ønsker vi som leiarar i avdelinga?

I løpet av dei siste åra har avdelinga hatt leiarbytte både av avdelingssjef og  seksjonsleiarane. Vi er ei stabil leiargruppe i avdelinga, med stor motivasjon og høge forventningar til positiv utvikling framover. Samla har vi kompetanse innan radiografi, leiing og kvalitetsarbeid, helsejus og samfunnsmedisin. Vi har også med oss erfaring frå radiologiske avdelingar i andre helseføretak, private helsetenester, bedriftshelseteneste og tilsynsmyndigheitene.

Saman med dei tilsette vil vi ha fokus på å legge til rette for at avdelinga skal vere ein god plass å vere – både for pasientar og tilsette. Vi har som mål å tenke langsiktig for å skape ein forutsigbar arbeidsplass, der tilsette får utvikle seg og den faglege kvaliteten er høg.

Vil du vere med på laget? Vi vil alltid vere interessert i å høyre frå deg, både om vi har lyst ut ledig stilling og elles!

Nysgjerrig på yrket eller stillingar hos oss?

Nysgjerrig på radiografyrket? Les meir her! (pdf)

Sjå korleis fagradiograf Hanne-Elin Vassbotn for CT i Volda har det på jobb (Youtube)

Er du lege? Sjå her! (pdf)

Sist oppdatert 01.11.2024