Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Radiologi Molde

Avdeling for radiologi i Molde tilbyr eit breitt utval bilettekniske tenester innan diagnostisk røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk ressonans), angiografi (bilete av blodårer), mammografi (røntgenbilete av bryst).

Vi tek imot drop-in for røntgen av lungene alle kvardagar (måndag-fredag) mellom kl 09:00 – 11:00 og 12:30 – 14:30. 

Ta med deg henvisning på papir dersom du fekk dette av legen som henviste deg.

Dersom mange møter til drop inn samtidig kan det bli noko ventetid.

Avdelinga har akuttfunksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte, slik at vi får registrert at du har kome.

Har du frikort skal dette visast fram i røntgenekspedisjonen ved frammøte.
Eigendelen kan du betale med kort i bankterminalen på røntgenavdelinga.


Eigendelen er 287 kroner. 

Barn under 16 år er gratis.

Betaling for "ikkje møtt til time" er 1612 kroner.

Avdelingssjef Odd Arne Haram
odd.arne.haram@helse-mr.no

Seksjonsleiar Eli Iren Sildnes
Eli.iren.sildnes@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

  • Måndag 09:00 - 15:00
  • Tysdag 09:00 - 15:00
  • Onsdag 09:00 - 15:00
  • Torsdag 09:00 - 15:00
  • Fredag 09:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya. Bruk inngang A (hovudinngangen).

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde

Praktisk informasjon

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Molde sjukehus på telefon 71 12 23 95 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.