BIOPOSTEN
IFOB - Viktig ved prøvetaking
Bruksanvising for prøvetaking må leverast saman med prøverøra i tillegg til informasjon til pasienten ved utlevering.
Medisinsk biokjemi¨og blodbank Ålesund har analysert iFOB sidan 2020. Analysen har blitt tatt godt imot av våre rekvirentar. Vi ser imidlertid at det er utfordringar rundt prøvetakinga, noko som resulterer i at vi må avvise ein del prøver. Vi ber difor om at utsendt bruksanvisning for prøvetaking, som skal leverast saman med prøverøra til alle som skal ta prøve, blir gått grundig gjennom før utlevering. Forsikre deg om at pasienten har forstått innhaldet.
HUSK DIFOR:
- Lever ut ark i FARGAR.
- Presiser at kvit kork ALDRI må opnast.
Dersom dette likevel har blitt gjort og noko av innhaldet har rent ut, er prøverøret ødelagt og ein må bruke eit nytt rør.
- Metoden er standardisert opp mot eit visst volum. Dersom deler av væska er borte blir resultatet feil.
- Væska i røret er ein buffer som også stabiliserer prøven. Blir denne for eksempel erstatta med vatn, vil dette gi feil prøveresultat.
Dersom røret er tilgrisa når det blir levert, ber vi om at det vert tørka av med vatn og sprit før sending.