Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Inngangsparti med store bokstaver "ÅSE HOTELL" på taket.

Åse hotell

Velkommen til Åse hotell. Vi tilbyr overnatting til pasientar og pårørande i Helse Møre og Romsdal. Andre gjestar er hjarteleg velkomne til å bu på hotellet ved kapasitet. Hotellet er bemanna med sjukepleiar og er ope frå måndag kl 7.30 til fredag kl 15.00.

 

Pasientar som skal til poliklinisk behandling kan få tilbod om å bo på hotellet dersom dei har lang reiseveg, eller det av andre grunner er behov for overnatting. Ein er då ikkje innlagd ved sjukehuset. Det er derfor viktig å ta med seg medisinar og anna ein treng.

Pårørande kan bo på hotellet om det er ledig kapasitet.

Hotellet er døgnbemanna med sjukepleiar som kan vere til hjelp med råd og informasjon.

Rom og fasilitetar

Alle våre rom har terasse/veranda, flislagt bad, gratis WiFi, TV og telefon. Vi har også treningstilbod ved hotellet.
Sjå fleire bilde
En bygning med et sykkelstativ og blomster foran seg

Bestill rom ved Åse hotell

Pårørande og pasientar som kjem kvelden før poliklinisk time eller operasjon kan bestille direkte hos oss. Det kan også andre som ønsker å bu på Åse hotell. Ta kontakt på telefon eller e-post.
Bestill rom ved Åse hotell
En person som sitter ved et skrivebord

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Åse hotell ligg like sør for Ålesund sjukehus, mellom kreftavdelinga og helikopterplassen (Åsehaugen 7)
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5