Vi kan tilby ein unik kombinasjon med oppfølging av pasientane både fysisk ved senteret når dei er innlagt i 5-døgnsposten vår, og poliklinisk både i forkant og etterkant av dei fysiske opphalda. Vi jobbar tverrfaglig i rehabiliteringsteam, og tilbodet vårt byggjer på tverrfagleg samhandling med pasientane, pårørande og aktuelle instansar i både kommunane og spesialisthelsetenesta. Kva for yrkesgrupper som inngår i rehabiliteringsteamet til den enkelte, varierer etter behov, men kan for eksempel vere sjukepleiar, nevrologisk sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, nevrolog, fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, osteopat, ergoterapeut eller helsefagarbeidar. Alle pasientane får sin eigen rehabiliteringskoordinator. Arbeidet styrast av ein rehabiliteringsplan, med mål og tiltak, som teamet og pasientane samen utarbeider.
Vi tilbyr følgande:
- Gruppeopphald Parkinson
- Gruppeopphald Arbeidsretta rehabilitering, ARR
- Gruppeopphald Multippel Sklerose, MS
- Vurderingsopphald
- Poliklinisk forløp
Nyttige nettsider
Norges parkinsonforbund