Slik får du time hos oss
Pasientar må ha skriftleg tilvising frå fastlegen sin for å få time ved hudpoliklinikken. Hudlegen vurderer alle tilvisingar og gir prioritering etter gjeldande retningslinjer.
Pasientar med kjønnssjukdomar treng ikkje tilvising og kan derfor gjere avtale direkte med hudpoliklinikken.
Kronikarar, som stadig har tilknytning til poliklinikken, kan bestille time direkte.
Vi vil legge til rette for eit godt behandlingstilbod og ønskjer å skape ei god og trygg atmosfære for pasientane våre. Spesielt for dei som har ein kronisk hudsjukdom og som treng behandling fleire gonger i løpet av året. Vi legg difor vekt på Helse Møre og Romsdal sine verdiar: Tryggleik - Kvalitet - Respekt.
Diagnosar
Desse diagnosane er nokre av sjukdomane vi gir behandling for:
- Psoriasis
- Atopisk eksem
- Eksem/utslett/kløe
- Leggsår
- Hudkreft
- Føflekk-kreft
- Aktinske keratoser
- Acne
- Skabb
- Kjønnsjukdomar
Du kan du lese generell informasjon om desse diagnosane på helsenorge.no
Undersøkingar
Hensikta med undersøkingar er å finne rett diagnose. Nokre behandlingar krev også at ein kontrollerar urin og blodverdiar.
Biopsiar/hudprøvar - ofte ved første besøk dersom dette ikkje er tatt av tilvisande lege. Svar får du ved neste kontroll eller i eit brev
Blodprøvar - ved sentrallaboratoriet
Urinprøvar - nokre medikament krev undersøking av urin
Mikroskopiske undersøkingar av sopp, f.eks. fotsopp
Allergitest - lappetest med avlesing etter 3 - 4 dagar
Hudtest: Epicutantest (lappetest) - Standard epicutantest og andre spesial testar som ein festar på ryggen.
Doppler-undersøking - kontroll av blodgjennomstrømming i leggar og føtter
Behandlingar
Du finn meir utfyllande informasjon om mange av behandlingane under overskrifta BEHANDLING lengre nede på sida.
Lys-behandling ved psoriasis, atopisk eksem og andre utslett
Vi har tilsaman 5 heilkropp lyskabinett og 4 lyskasser for hand og fot. Det er omtrent ikkje ventetid når ein kjem til lysbehandling. Ein treng heller ikkje å melde seg i luka for lysbehandling bortsett frå når ein skal til legekontroll. Ein får lysbehandling som oftast 3 gongar pr veke i 5-6 veker. Før ein avsluttar behandlinga, får ein time hos hudlege.


PDT-behandling
Fotodynamisk terapi er behandling av basalcellecarsinom, Mb. Bowen og solar keratose. Behandlinga tar tilsaman ca. 3 – 4 timar. Først skrapar legen området som skal behandlast, deretter vert det lagt på Metvix krem og dekker så området med plaster. Etter 3 timar kjem pasienten tilbake, plaster og krem fjernast, og området blir belyst med raudt lys i ca 8 til 15 minutt. Denne behandlinga kan nokre gongar medføre ubehag i form av stikkande eller brennande smerter. Behov for smertelindring vil derfor variere.
Kryo-behandling
(frysing) av solar keratose og basalcellecarsinom.
Sår-behandling ved venøse leggsår
Ofte brukar vi Kaliumpermanganat-bad (KP-bad) som virkar desinfiserande, tørkar ut væskande eksem og som virkar kløstillande. Dersom bra blodgjennomstrømming er behandlinga kompresjonsbandasje eller kompresjonstrømper.
Kurs
Eksemskule
Hudpoliklinikken har i samarbeid med barneavdelinga arrangert eksemskule to ganger pr år for foreldre/føresette til barn med eksem. Ein treng tilvising frå lege, blir sett på venteliste, og får då tilbod om kurs når datoen er satt.
Les meir om eksemskulen