Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreftpoliklinikken Kristiansund

På kreftpoliklinikken tilbyr vi behandling til pasientar som skal ha cellegift, immunterapi eller anna type medikamentell kreftbehandling. Type behandling varierer frå diagnose til diagnose. Det varierer også kor lang tid behandlinga tek, nokre behandlingar går over ein dag, andre over fleire dagar.

Dagens kreftbehandling er avansert og individuelt tilpassa pasienten. All behandling blir vurdert ut frå type diagnose, alder, allmenntilstand og diagnoseutbreiing.

Vi tilbyr forundersøking dagen før planlagt behandling. Denne forundersøkinga inkluderer blodprøvar og samtale med sjukepleiar. Når pasienten kjem til behandling dagen etter, er kuren ferdig blanda og klar frå apoteket. Dette gir mindre venting for pasienten, da behandlinga kan starte når pasienten kjem.

Ved lang reiseveg er det mogleg å ta blodprøver på fastlegekontoret, og deretter ha forundersøking som video- eller telefonkonsultasjon med sjukepleiar. Dette gir mindre reising for pasienten.

Ved kreftpoliklinikken har vi fleire behandlingsrom og eit eige rom for samtale med sjukepleiar.

Pasientar som treng strålebehandling blir sendt til Ålesund sjukehus for behandling.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kreftpoliklinikken finn du på plan 0, inngang H.
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Praktisk informasjon

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Ålesund 

 

Kurs og møter

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkluderte i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft.
Les meir på helsenorge.no
Lege og pasient

Videokonsultasjon

Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering tilbyr videokonsultasjon når fysisk oppmøte ikkje er nødvendig eller mogleg. Løysinga er beregna for at du som pasient kan bruke din egen pc, smarttelefon, nettbrett for å gjennomføre ein sikker samtale med helsepersonell ved bruk av video, utan å måtte kome til sjukehuset.
Les meir om videokonsultasjon
Illustrasjon lege ut av pc-skjerm.