Kva kan eg gjere på eit vardesenter?
Snakk med ein likeperson
Å snakke med ein som har vore i ein liknande situasjon, er nyttig for mange. Hos oss kan du snakke med ein likeperson – eit medmenneske med eiga erfaring med kreft, som har teke kurs og skrive under på tausheitsløfte.
Les om likepersontilbodet (kreftforeningen.no)
Få råd av fagpersonar
På Vardesenteret kan du mellom anna møte klinisk ernæringsfysiolog, farmasøyt, jurist, Nav-rettleiar og ulike foredragshaldarar på temamøta.
Gå på kurs
Vardesenteret har eit variert kurstilbod. Nokre av kursa blir arrangerte på Vardesenteret, medan andre er digitale. Kva kurs som blir tilbodne varierer, men det kan for eksempel vere kurs i stressmeistring, kurs for ulike diagnosar, kosthald, sminkekurs, kurs i mindfulness og mykje meir.
Få full oversikt over kursa her (kreftforeningen.no)
Barn og ungdom
Ved Vardesenteret vil vi også ha eigne tilbod for barn og ungdom, mellom anna Treffpunkt. I tillegg har vi eit eige ungdomsrom.
Full oversikt over alle aktivitetar og tilbod til barn og ungdom finn du her (kreftforeningen.no)
Desse møter du
På Vardesenteret møter du menneske med spesialkompetanse som kan hjelpe deg når du treng det og frivillige som tek deg godt imot. Stikk innom når det passar og bli så lenge du vil, anten du er pårørande, etterlatt, noverande eller tidlegare kreftpasient.
Heidi Myhre Engelkor
Senterkoordinator ved Vardesenteret i Møre og Romsdal
hmrTa gjerne kontakt med Heidi om du har spørsmål om Vardesenteret.