Kva kan eg gjere på Vardesenteret?
Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar og få råd og hjelp. Vi har også ei rekke digitale tilbod for menneske i heile Møre og Romsdal.
Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar og få råd og hjelp. Vi har også ei rekke digitale tilbod for menneske i heile Møre og Romsdal.
Sunnmøre Live
Å snakke med ein som har vore i ein liknande situasjon, er nyttig for mange. Hos oss kan du snakke med ein likeperson – eit medmenneske med eiga erfaring med kreft, som har teke kurs og skrive under på tausheitsløfte.
På Vardesenteret kan du mellom anna møte klinisk ernæringsfysiolog, farmasøyt, jurist, Nav-rettleiar og ulike foredragshaldarar på temamøta.
Vardesenteret har eit variert kurstilbod. Nokre av kursa blir arrangerte på Vardesenteret, medan andre er digitale. Kva kurs som blir tilbodne varierer, men det kan for eksempel vere kurs i stressmeistring, kurs for ulike diagnosar, kosthald, sminkekurs, kurs i mindfulness og mykje meir.
Ved Vardesenteret vil vi også ha eigne tilbod for barn og ungdom, mellom anna Treffpunkt. I tillegg har vi eit eige ungdomsrom med godteskap som aldri er tomt, eit kjøleskap fullt med brus og ein frysar full av pizza.
Full oversikt over alle aktivitetar og tilbod til barn og ungdom finn du her (kreftforeningen.no)
På Vardesenteret møter du menneske med spesialkompetanse som kan hjelpe deg når du treng det og frivillige som tek deg godt imot. Stikk innom når det passar og bli så lenge du vil, anten du er pårørande, etterlatt, noverande eller tidlegare kreftpasient.
Heidi Myhre Engelkor
Senterkoordinator ved Vardesenteret i Møre og Romsdal
hmrTa gjerne kontakt med Heidi om du har spørsmål om Vardesenteret.