Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ambulansebil som står parkert med solnedgang i bakgrunnen

Avdeling båt- og bilambulanse

Ansvar for akuttmedisinsk beredskap med båt- og bilambulanse tenesten i Møre og Romsdal. Ved behov for akutt medisinsk hjelp - ring 113!

Frå 30 stasjonar betener vi innbyggjarane i det vidstrakte Møre og Romsdal, med fjordar og fjell, frå hav til innland.

Vi har 40 ambulansebilar med døgnberedskap, i tillegg kjem 2 ambulansebilar i drift delar av døgnet, samt at avdelinga har 13 reservebilar. Det er også 3 ambulansebåtar med døgnberedskap og 1 reservebåt. Totalt disponerer klinikken 55 ambulansar.

I løpet av 2023 utførte tenesta imponerande 39 758 ambulanseoppdrag.

Klinikken har mellom 350 og 400 tilsette til ei kvar tid i turnus, og tenesta inkluderer også 30 lærlingar.

 

Avdelingssjef: Knut Erik Skogheim

Assisterende avdelingssjef: Geir Myrold Grimstad

 

Hospitering
Søknad om hospitering sendes elektronisk til postmottak@helse-mr.no
Sensitive personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

 

Kontakt

Telefon

Sentralbord Sunnmøre

70105000

Sentralbord Nordmøre og Romsdal

71120000

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Praktisk informasjon

Kostnadar for legen si deltaking i utrykningar med ambulanse blir dekt av helseføretaket, Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) eller den enkelte kommune. ​Legen må sjølv i kvart enkelt tilfelle rette krav til den enkelte eininga.

Eksempel:

  • Utrykning frå legekontor/legevakt med ambulanse kl 12:20. Framme hos pasient kl 12:35. Totalt 15 minutt, blir dekka av helseføretaket.
  • Undersøking av pasient kl 12:35 - 12:50. Takst for sjukebesøk/konsultasjon, vert dekt av HELFO.
  • Følgje i ambulanse kl 12:50 - 13:20. Totalt 30 minutt, blir dekka av helseføretaket.
  • Returreise til legekontor/legevakt kl 13:20 - 13:50. Totalt 30 minutt, vert dekka av helseforetaket.
  • Fra det tidspunktet ledsagelse iverksettes og til lege er tilbake på legevakt benyttes gjeldende timepris (salærsats), avrundet til nærmeste halvtime. 

Dersom det er brukt drosje fram til pasienten eller tilbake til legekontoret, skal kostnadane dekkast av kommunen. Helseforetaket dekker reisetid utifrå takst.

Dette skjemaet må du fylle ut for å få dekka kostnadane dine:

Regning for legeledsagelse med ambulanse.pdf

Ufullstendig utfylte rekningar blir returnerte.

 

Regelverk HELFO

For informasjon om regelverket sjå HELFO sine sider.

Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos lege - sjå Lovdata sine sider.

 

      Lærling i ambulansetenesten

      Nyttige lenker og informasjon til deg som søker lærlingplass. 

      Les meir her
      Foto: Tibe/Jens Holsbøvåg-Lyngstad

      Fagutdanning i ambulansetenesten?

      Grunnutdanninga til yrket som ambulansearbeidar er 4-årig. Dei to første åra består av VG1Helse- og sosialfag og VG2 ambulansefag i vidaregåande skule
      Les meir om utdanninga
      En gul ambulanse parkert foran et sjukehus

      Bachelor utdanning i ambulansetenesten – Paramedisin

      Ønsker du ei høgskuleutdanning, kan du gå tre år på paramedisinstudiet.  

      Paramedisinarar arbeider i heile den prehospitale kjeden, samt i akuttmottak og militære. 

      Her i Midt-Norge finn du dette studiet ved Høgskulen i Molde. 

      Les meir om utdanninga
      To ambulanseansatte foran en ambulansebil

      Master utdanning i ambulansetjenesten – Master Prehospital Critical Care

      Dette er for deg som ønsker å lære deg korleis du kan arbeide med forskning og utvikling i det prehospitale arbeidet. Denne utdanninga gjer også at du kan arbeide ved undervisningsinstitusjonar. Utdanninga er på to år fulltid, eller fire år deltid.  

      Du kan søke om støtte til å delta på studiet. 

      Les meir om utdanninga
      Ambulanseansatt foran en ambulansebil som holder et PEPJ brett

      Artiklar