Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva skjer når du ringer 113?

Nokon har vore utsett for ein akutt livstruande sjukdom/ulykke. Du er første person til staden, og ringer 113, samtalen vil bli svart på av medisinsk nødtelefon med følgande spørsmål:

– Medisinsk nødtelefon.

Operatør vil no spørje deg ein del spørsmål, for å få klarlagt stad, hending og omfang.

–  Kvar er pasienten/ulykka?

Du oppgir adressa/stad/kommune der hendinga/ulykka er.

–  Kva er telefonnummeret ditt?

Dette for at vi skal kunne ringe deg opp igjen dersom samtalen blir brutt.

–  Kva er problemet? Kva har skjedd? Er pasienten vaken? Pustar pasienten normalt?

Du fortel kort om kva som er problemet.

Deretter vil du bli stilt ein del spørsmål ut frå Norsk Indeks for medisinsk nødhjelp, dette for å avgjere rett respons og hastegrad for hendinga. Ressurskoordinator vil, viss påkravd, varsle ressursar (lege/ambulanse/luftambulanse/båtambulanse). 

Norsk indeks for medisinsk nødhjelp er eit nasjonalt verktøy som alle AMK-sentralane i landet bruker for å gi rett råd og rettleiing under samtalen.

Sist oppdatert 18.02.2025