Tung Redning i Ålesund april 2016

Sunnmøre viste seg frå sin aller beste side når Ålesund Brannvesen arrangerte tungredningsveka 2016.

​Tungredningsuka var først og fremst arrangerte øvingar for vaktlaga i brannvesenet i Ålesund, men også politi og ambulansetenesta var invitert med for å få det beste øvingsutbyttet. Tungredningsdagane blei gjennomført over 4 dagar, der kvart vaktlag frå brannvesenet fikk øve ein heil dag kvar. Øvingane er planlagt og arrangert av fagansvarleg for tung redning i Ålesund Brannvesen, Geir Egil Haug. Ambulansetenesta stilte opp med ein ambulanse kvar av dagane, bemanna med både faste tilsette og lærlingar. Tungredningsveka var bygd opp som: "Train as you fight" , det vil seie at ingen visste kva hendelsar dei skulle få øve seg i. Tung redning handlar om å anvende teknikkar og utstyr for hurtig frigjøring av forulykka som sitter fast i eller under gjenstandar med høg vekt. Arbeidsmetodane for frigjøringa er å sikre gjenstandane for  ytterlegare bevegelse og deretter gjennomføre del-løft for å frigjere den fastklemte. Ambulansepersonellet fekk øve seg i generelt skadestedsarbeid og pasientbehandling på både øvingsdukker og markører. Frå nødetatanes ankomst til pasient var frigjort tok det i nokon tilfelle ikkje meir enn 5 til 6 minutt, noko som er veldig bra.

Sjølv om det var sol frå skyfri himmel, var det generelt kald luft og iskald vind. Alle fekk erfare utfordringane som hypotermi kan få for den alvorleg skadde pasienten. Ambulansepersonellet fekk også mellom anna øve seg i handtering av store, åpne blødningar og behandlingsvalg til pasientar med knusningsskadar i bekken og underekstremitetar. Oppfordrar alle til å sette av tid til å repetere kunnskap om blødningskontroll, hypotermi og stabilisering av ekstremitets- og bekkenskadar.

Gode erfaringar og mykje læring for alle som deltok!

 

Gruppebilete av deltakarane i tysdagens innsats

Gruppebilete av deltakarane i tysdagens innsats.

 


Pasienten ligg fastklemt under 2 tønner på ca 200 kg kvar.

Pasienten ligg fastklemt under 2 tønner på ca. 200 kg kvar. Det er trongt inne på bilverkstad og mange usikkerheitsmoment som innsatspersonellet må ta høgde for.


Ei steinblokk på 3-4 tonn har falt over to arbeidarar under arbeid i eit steinbrot
 

Ei steinblokk på 3-4 tonn har falt over to arbeidarar under arbeid i eit steinbrot.


Klargjøring for del-løft av steinblokk på 3-4 tonn
 

Klargjøring for del-løft av steinblokk på 3-4 tonn.

 

Blødningskontroll var viktige øvingsmoment for ambulansepersonellet

 Blødningskontroll var viktige øvingsmoment for ambulansepersonellet.

Brannvesenet har evakuert ein pasient og har iverksett forbredelse til frigjering av de andre fastklemte allereie før ambulanset
 

Brannvesenet har evakuert ein pasient og har iverksett forbredelse til frigjering av den andre fastklemte allereie før ambulansetenesta ankommer.

 

Lennart Waagan deltok og fikk øve funksjonen som operativ leiar

 Lennart Waagan deltok og fekk øve funksjonen som operativ leiar.


Politiet var første eining på staden til ein hendelse på Norsk Gjenvinning.

 Politiet var første eining på staden til ein hendelse på Norsk Gjenvinning. Fleire buntar med pressa papir har falt ned over to tilsette. Kvar av buntane har ei vekt på rundt 700 kg. Erik Fugelsø frå ambulansetenesta kjem raskt til og iverksette avanserte behandlingstiltak.

Brannvesenet iverksetter stabiliseringstiltak og forbereder pasienten for transport før helsepersonell ankjem
 

Brannvesenet iverksetter stabiliseringtiltak og forbereder pasienten for transport før helsepersonell ankjem.

Deltakarane i onsdagens øving var fornøgde med innsatsen og dagens erfaringar
 

Deltakarane i onsdagens øving var fornøgde med innsatsen og dagens erfaringar.

 

Det var kaldare vær siste øvingsdag. Øvingsleiar Bjørn Rasdal og Geir Egil Haug frå Ålesund Brannvesen
 

Det var kaldare vær på siste øvingsdag. Øvingsleiar Bjørn Rasdal og Geir Egil Haug frå Ålesund Brannvesen (nede til venstre) var godt fornøgd med innsatsen til alle deltakarane denne veka. Alle opplevde godt utbytte av øvingane.

Sist oppdatert 26.01.2024