Seksjon Akutt psykisk helse på Hjelset er ein av dei 5 sjukehusseksjonane i avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal. Seksjonen tilbyr i hovudsak tenester til innbygjararane i Nordmørs- og Romsdalskommunane.
Behandlingstilbod
Når du kjem til oss får du ei behandlergruppe bestående av psykiater eller psykologspesialist og ein lege i spesialisering. Det vil være ein koordinator fra miljøpersonalet i denne gruppa.
Vi lagar ein individuell behandlingsplan for deg.
Behandlingstilbodet inneberer faste samtalar med behandlar og miljøterapeuter, somatisk undersøking (inkl. blodprøver og urinprøver), vurdering av medikamentell behandling, i tillegg til miljøterapeutiske tiltak .
Hovudmålet for behandlinga er utgreiing/behandling/stabilisering av psykisk tilstand og kartlegging av behandlingsbehov, stabilisering og/eller bedring av psykisk helse, i tillegg til mestring av eigen livssituasjon.
Personalgruppa består hovudsakeleg av legar, psykologspesialist, sjukepleiarar/vernepleiere, psykiatriske sjukepleiarar, hjelpepleiarar og sosionom. Varigheit på opphaldet skal være kortvarig eller så lenge ein har indikasjoner på akutt behandling. Du blir tilvist til andre seksjoner i spesialist- og kommunehelsetenesta for videre behandling og oppfølging ved behov.
Vi ønskjer eit godt samarbeid med pårørande og oppfølgande instansar. Vi har eigne barneansvarlege som har fokus på barn under 18 år som pårørande.
Rutine for tilvising og innlegging
Vaksne( over 18 år) med behov for ø-hjelp/akutt innleggelse oppsøker vanlegvis legevakt, fastlege eller ambulant akuttteam, som kan tilvise til vurdering for innleggelse hos oss.
Ambulant akutt-team
Ved dei distriktspsykiatriske sentra DPS i Molde(Romsdal) og DPS Kristiansund (Nordmøre) kan ambulante akutt-team tilby konsultasjon/vurdering på kort varsel, som regel same eller påfølgande dag.
Disse teama bidreg i samarbeid med kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta til å tilrettelegge vidare behandlingsforløp.
Opningstid: Mandag – fredag kl. 08 :00 – 21:30
I helger, på kveld og natt har helseføretaket døgnkontinuerleg vakt av lege som mottar henvisninger om vurdering/innleggelse ved mottaksseksjon.