Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Alderspsykiatri SNR

Alderspsykiatri SNR består av ein døgnseksjon og ein poliklinikk. Vi tilbyr i hovudsak utgreiing og behandling til personar med psykiske lidingar i aldersgruppa over 65 år, og utgreiings- og behandlingstilbod ved kognitiv svikt. Pasientane kjem ofte frå eit behandlingstilbod i kommunehelsetenesta. For utgreiing av pasientar med uklar demensdiagnose er det ingen aldersgrense. Vi har også behandlingstilbod for avklarte psykoselidingar.

Våre hovudoppgåver er: 

  • Utgreiing og kartlegging 
  • Behandling 
  • Undervisning, opplæring og rettleiing til helsepersonell, pasientar og pårørande 
  • Forsking og fagutvikling 

Tilvising 

Tilvising frå fastlege, sjukeheimslege eller lege/seksjon/avdeling i Helse Møre og Romsdal. 

Alderspsykiatrisk døgnseksjon 

Vi har 9 sengeplassar inkludert 2 intensivplassar, men ingen akuttfunksjon. 4 senger er for pasientar med psykoselidingar og 5 senger for pasientar med alderspsykiatriske problemstillingar. I utgangspunktet er dei 4 plassane for psykoselidingar forbeholdt overføring frå Akutt psykisk helsevern SNR, eventuelt andre team/seksjonar i Klinikk for psykisk helse og rus.  

Utgreiing, behandling og diagnostisering 

Vi tilbyr utgreiing, behandling og diagnostisering av kognitiv svikt og demens med psykiatriske tilleggssymptom. I tillegg til andre psykiatriske sjukdommar/tilstandar som angst, depresjon, psykose eller akutt forvirring/delir. Vi prøver alltid å tilby eit individuelt behandlingstilbod. Dette skjer gjennom systematisk kartlegging og utprøving av miljøtiltak. Det blir gjort ei heilskapleg vurdering av pasienten sitt behov for medikamentell behandling og/eller ECT. 

Fast kontaktperson 

Alle pasientar får ein fast behandlar, primær- og sekundærkontakt under opphaldet. Kontaktpersonen har samtale med pasienten ved innkomst, i løpet av behandlingstida og ved planlegging av utskriving. Dette er også kontakta opp mot næraste pårørande og kommunehelsetenesta. 

Oppfølging etter utskriving 

Dersom det er behov kan pasienten få vidare oppfølging frå Alderspsykiatrisk poliklinikk etter utskriving frå oss. Dette blir vurdert av behandlar i samråd med pasienten, pårørande og kommunehelsetenesta. 

Alderspsykiatrisk poliklinikk 

Vi tek imot pasientar til ordinær konsultasjon eller utvida dagutgreiing på sjukehuset. I tillegg har vi ambulant team som reiser ut til kommunane og møter pasienten heime, på eit møterom eller ved ein institusjon. Vi har faste samarbeidsdagar kvar 6. veke i dei fleste kommunar. Vi samarbeider tett med kommunalt hjelpeapparat. 

Våre polikliniske team består vanlegvis av to fagpersonar. 

Poliklinisk vurdering 

Ved dagutgreiing utfører vi somatisk undersøking på poliklinikken. Elles blir somatisk undersøking vanlegvis gjennomført av fastlegen. 

Tema vi ofte går i gjennom: 

  • Aktuell problemstilling, vurdering og behov (generell og spesifikk info frå tilvisinga). 
  • Pasienten sin oppvekst og livshistorie. 
  • Sjukehistorie. 
  • Medisinar. 
  • Kognitive testar. 
  • Kartlegging av funksjonsnivå. 
  • Anna kartlegging som for eksempel psykiatriske symptom. 
  • Opplysningar frå nærpersonar (komparent pplysningar). 
  • Individuell vurdering av behov for vidare oppfølgning. 

Faggrupper ved Alderpsykiatri SNR 

Våre faggrupper: 

  • Alderspsykiater/psykiater 
  • Lege 
  • Psykolog 
  • Sjukepleiar 
  • Ergoterapeut 
  • Vernepleiar 
  • Hjelpepleiar 
  • Helsefagarbeidar 
  • Klinisk farmasøyt 
  • Helsesekretær 

Mange av våre tilsette har spesialisering innan psykisk helsevern og geriatri. 

Kontakt

Sentralbord Nordmøre og Romsdal

Slik finn du fram

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 2b

6450 Hjelset

Praktisk informasjon

Måndag - fredag:   16.00 - 19.00
Laurdag - søndag: 11.00-14.00 og 16.00-19.00