Korleis søke til alderspyskiatrisk seksjon?
- Søknad frå fastlege eller tilsynslege i opptaksområdet.
- Vidare tilvising frå mottaksseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
- Søknad frå annan instans innan spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.
Poliklinikken og sengeposten har felles inntaksmøte ein gong i veka.
Kjerneoppgåver
- Observasjon
- Utgreiing
- Behandling
Målgruppe
- Menneske med omfattande utfordringar i sin demenssjukdom og/eller omfattande psykiatrisk symptomatologi. Alder er av mindre relevans.
- Pasientar med alvorleg psykiatrisk liding med debut etter 65 år.
- Pasientar over 65 år med alvorleg psykiatrisk liding, tidlegare sjuk, men ingen fast behandlingskontakt i vaksenpsykiatrien, eller når andre sjukdomar og/eller høg alder gjer alderspsykiatrien tenleg.
- Pasientar med uklar demensdiagnose, der alderspsykiatrien rår over ressursar til å utgreie desse.
Hovudmål for utgreiing
Kartlegge ressursar og problemområde, og finne rette omsorgsnivået for pasienten. Godt samarbeid med pårørande, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Hovudmål for behandling
Lækje, betre og lindre psykiske og fysiske lidingar. Avhjelpe sosiale problem. Ta omsyn til pasienten sine eksistensielle behov.
Alderspsykiatrisk poliklinikk
Poliklinikken er open måndag - fredag kl 0800-1530.
Arbeidsmetodar i poliklinikken
- Individuell behandling/terapi.
- Familie-/systemperspektiv ved demensutvikling, avhengig av nærståande personar.
- Behandling ved å følgje opp familie.
- Behandling ved kontakt med omsorgspersonar.
- Rettleiing.
- Poliklinikk i eigne lokale.
- Ambulant verksemd.
Alderspsykiatrisk sengepost
Sengeposten har 6 sengeplassar til saman, og vi legg vekt på fleksibel bruk av desse overfor dei ulike målgruppene. Opphaldslengda er 4-12 veker, kortare opphald blir vurdert ved krise/hast der problemet er kjent frå før. Vi gir råd og rettleiing til andre sengepostar i føretaket der det er føremålstenleg å bruke alderspsykiatrien sine ressursar. Vi kan ikkje gi strakshjelp, men skal ha ambulerande funksjon der det er nyttig.