Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Bakgrunn mønster

Ein podkast frå Helse Møre og Romsdal

Autismepraten

Autismepraten er ein podkast om autisme. Spesialist i nevropsykologi ved BUP Molde,  Magnus Reiestad, snakkar med Marie Gjengstø som sjølv har diagnosen Aspergers syndrom.

​– Denne podkasten er ein samtale om autisme frå to forskjellige perspektiv, frå autisten sjølv og frå ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Vi påstår ikkje å ha ei sanning og fasit på alt, men målet er å dele erfaringane og tankane våre og at den som høyrer på oss skal lære litt meir om autisme, fortel Magnus Reiestad.​

Podkasten er ein serie på 7 episodar som dekker kjernevanskane i autisme, identitet, stress, kommunikasjon, sosial funksjon, rigiditet og livsmeistring. Det kjem ein ny episode kvar onsdag. 

    Sist oppdatert 14.09.2022