HELSENORGE
Ungdom ser mot havet
Eit kart over tenestene for barn og unge

Barn og unges helseteneste

Satsinga barn og unges helseteneste består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Kva er barn og unges helseteneste?

I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, eit samarbeid mellom dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal. Det blei jobba med ei kartlegging opp mot forløp som Helse Fonna hadde utarbeida for å sjå om «kart og terreng» stemde hos oss. Desse forløpa er blitt revidert mellom anna etter innspel fra Møre og Romsdal og nye nasjonale føringar.

I løpet av 2023 skal vi implementere og bruke forløpa i tenestene rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar. Vi tilstreber allereie no å jobbe etter forløpa, sjølv om ikkje alt er på plass og det kan vere lokale forskjellar. Målet er felles, og det er å ha ein samanhengede teneste rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar.

Verktøyet er først og fremst laga for at fagfolk skal klare å gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men du finn også informasjon for barn, ungdom og føresette om kor ein kan få hjelp. 

Høyringsrunde for dei sju samhandlingsforl​​øpa​​

Kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal jobbar for å ferdigstille verktøyet for dei sju samhandlingsforløpa innan dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og ungdom. Desse er no til høyring med høyringsfrist 25. september 2023. Send dine høyringsinnspel på e-post til toril.kvisvik@helse-mr.no 


Angst og bekymring

Autismespekterforstyrring

Bekymring for barn 0-3 år
Fann du det du leita etter?