Helsenorge

Lansering av barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal

På onsdag 19. januar 2022 frå kl. 1200 lanserast satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Oppstarten vert markert gjennom eit webinar for leiarar i ulike tenestener i kommunar, spesialisthelseteneste og brukarorganisasjonar med fleire.

Barn og unges helseteneste-saman

Gjennom barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal skal brukarar av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og spesialisthelsetenesten samarbeide om å utvikle samhandlingsforløp for born og unge. Verktøyet som er på veg til å utviklast er delt inn i sju forløp for dei vanlegste psykiske helseplager born og unge kan ha. Forløpa skal skildre dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområder og skal fungere som eit kart over tenestene. Satsinga barn og unges helseteneste handlar om å kunne tydeleggjere ansvarsområder og skape eit betre hjelpetilbod med mål om at born og unge skal få rett hjelp hjå rett teneste og at det vert gitt heilskaplege tilbod.

Du kan lese meir om kva barn og unges helseteneste er på nettsidene til Helse Møre og Romsdal.

Prosjektkoordinator Toril Kvisvik gledar seg til webinaret og til satsninga slik at born og unge skal kunne sleppe å vente så lenge på oppfølging eller behandling. 

Bakgrunnen er ei stor auke blant born og unge som har psykiske helseplager, det er mange ulike aktørar rundt dei og samhandlinga mellom tenestene fungerer ikkje optimalt per i dag. Det er heller ikkje tydeleg nok kven som skal gjere kva. 
Portrett
Kvisvik legger vekt på at det er ei langsiktig satsning og at viljen er stor for at vi skal få til dette saman.



​Prosjektkoordinator for barn og unges helseteneste, Toril Kvisvik

Målgruppa for sjølve webinaret er leiarar og helsepersonell på alle nivå som arbeider med born og unge og psykisk helse, brukarorganisasjonar, barnevern, tilsette i skule, barnehage ol. For å melde deg på webinaret 19. januar kan du sende ein e-post til
toril.kvisvik@helse-mr.no for å motta lenke til webinaret. 

Webinaret er eit samarbeid mellom kommuner i Møre og Romsdal, Statsforvalteren, brukarrepresentantar, Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal, KORUS Midt-Norge og Ester Espeset (prosjektleiar barn og unges helseteneste i Helse Fonna).