Ny nasjonal rettleiar - psykisk helsearbeid barn og unge
– Denne kan hjelpe oss til å sikre koordinerte tenester rundt barn og ungdom, i tråd med målsettinga for Barn og unges helseteneste, seier prosjektkoordinator Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, Toril Kvisvik.
Publisert 14.11.2023
Formålet med rettleiaren er å bidra til at kommunar ivaretek barn og unge mellom 0-25 år med psykiske plager, og familiane deira, ved at kommunar:
- støtter opp om dei arenaene som barn og unge og familien deira er på slik at dei verkar helsefremjande og førebyggjande
- planlegg og utviklar psykisk helsetilbod
- tilbyr lågterskeltilbod og heilskapleg oppfølging tilpassa behova
- samarbeider med psykisk helsevern for barn og unge