Oppdaterte råd til fastlegar om tilvisingsrutinane til BUP
Fastlegen har ei viktig rolle og gjer ei sjølvstendig vurdering dersom born og unge treng tilvising til Psykisk helsevern for barn og unge. Barn og unges helseteneste har utarbeida råd til fastlegar om innhaldet i ei slik tilvising til BUP.
Råd til fastlegar om innehaldet i ei tilvising til Psykisk helsevern for barn og unge
poliklinikk (BUP) i Helse Møre og Romsdal
I Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal arbeider ein for betre samhandling mellom 1. og 2. linjetenesta og at barn og unge skal få tidlegast mogleg hjelp. Fastlegen har ei viktig rolle og skal kartlegge psykisk og fysisk helse gjennom direkte undersøking av barnet/ungdomen og samtalar med foreldre/pårørande og gjere ei sjølvstendig vurdering med skildring av problematikken og bekymringane som grunnlag for vidare tilvising til BUP.
Difor har Barn og unges helseteneste jobba fram faglege råd til fastlegar om innhaldet i ei tilvising til Psykisk helsevern for barn og unge poliklinikk (BUP) i Helse Møre og Romsdal.
Her kan du lese råda/informasjonsskrivet:
Høyringsrunde for dei sju samhandlingsforløpa
Kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal jobbar for å ferdigstille verktøyet for dei sju samhandlingsforløpa innan dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og ungdom. Minner om at desse er ute på høyring med høyringsfrist 25. september 2023. Ein kan sende høyringsinnspel på e-post til toril.kvisvik@helse-mr.no