Helsenorge

Råd til føresette

Om du vert bekymra for bornet ditt er det som regel ein grunn til det. Tidleg hjelp kan auke sjansen for at bornet ditt raskare vert betre. Ta kontakt med helsesjukepleiar, psykisk helsehjelp i kommunen eller fastlegen. Dei kan hjelpe deg.

Illustrasjonsbilete

Det er naturleg å vere usikker på om bornet ditt har behov for hjelp eller ikkje. Dersom du ønskjer nokon å snakke med om bekymringa di kan du ta kontakt med helsesjukepleiar eller fastlegen til bornet/ ungdomen. Dei kan gi deg råd om kva som er lurt å gjere og kva som er god hjelp for plagene bornet ditt har. 

Kommunen har ansvar for å gi psykisk helsehjelp til born og unge, men tilbudet er ofte ulikt organisert i de forskjellige kommunene. Du finn informasjon om det psykiske helsetilbodet i kommunen på deira heimeside. 


Fann du det du leita etter?