Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stort engasjement i satsinga rundt barn og unge og psykisk helse

Det er nylig gjennomført fire arbeidssamlingar med over 300 deltakarar i satsinga Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Alle kommuner og Barne- og ungdompsykiatriske poliklinikkar (BUP) har delteke saman med representantar frå Ungdomsrådet i HMR, Statsforvalteren i Møre og Romsdal samt ungdoms- og foreldrerepresentantar. Samlingane fann stad i Molde, Kristiansund, Ålesund og Ørsta.

Publisert 17.06.2022
Sist oppdatert 19.06.2022
Bilete frå arbeidssamling Barn og unges helseteneste juni 2022

Målet med samlingane har vore å gjere satsinga rundt barn og unge og psykisk helse kjent gjennom casearbeid, i tillegg til å bli kjent på tvers av tenester og nivå og diskutere korleis best mulig samarbeide rundt barn og unge og psykisk helse. I følgje prosjektkoordinator Toril Kvisvik er vet viktig å bygge ein felles kultur for samhandling slik at vi kan nå målet med satsningen om å sikre en sammenhengende tjeneste mellom kommune og sykehus. Tjenestene skal arbeide for å bli tydeligare på kven som skal gjere kva når, slik at barn og unge får tidligst mulig og samordnet hjelp.

Det var stort engasjement på samlingene, og det var ikkje tvil om at ein må arbeide for å bli bedre etter å ha hørt brukerrepresentant Lasse samt far Sverre fortelle om utfordringene die hadde møtt. Lasse var sin eigen koordinator og Sverre fortalte om mange år med store utfordringar og bekymringar rundt barna.

I satsinga er det 7 samhandlingsforløp rundt dei vanligaste psykisk helseutfordringar som skal implementeres, etter modell frå Helse Fonna, der det står tydelig 7skildra kva den enkelte teneste skal gjere. Desse forløpa vart det arbeida med på samlingane for å sjå kva ein må ta tak, i internt og saman, for å få forløpa på plass. Stemmer kart og terreng? InnoMed, Nasjonalt kompetansenettverk for behovsdrevet innovasjon i helsesektoren leia prosessarbeidet. Saman med prosjektgruppa skal arbeidet oppsummerast og takast med videre i satsinga som fortsetter med nettverksmøter og samlingar hausten 2022. I tillegg skal det arbeidast internt i dei ulike tenestene rundt barn og unge med oppfølging frå prosjektgruppa der det er behov.

Her kan du lese meir om Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal

Samling barn og ungeshelseteneste juni 2022

Samling barn og unges helseteneste juni 2022