Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fruktbart samarbeid

Gjennom samarbeid har Helse Møre og Romsdal, Sjustjerna helse og omsorg og Høgskulen i Volda klart å utvikle og løfte ein fagdag som er viktig for regionen.

Publisert 09.11.2017
Sist oppdatert 29.11.2017

Poliklinikk BUP Volda, har i ei årrekkje arrangert fagdag ein gong i året der ein har invitert samarbeidspartnarar i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre (Sjustjerna). Før årets fagdag, som vart arrangert onsdag 8. november, var også Høgskulen i Volda (HVO) kopla på som arrangør. 
– Samarbeidet mellom oss, Sjustjerna og høgskulen har fungert veldig bra. Med høgskulen har vi også fått ein profesjonell arrangør som løfta fagdagen, seier Kari Standal, seksjonsleiar og psykologspesialist ved BUP i Volda.

Samhandling
BUP samarbeider i arbeidskvardagen med helsestasjonar, fastlegar, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevernet og skulane. Onsdag utgjorde desse hovudtyngda blant dei over 170 deltakarane. Temaet for fagdagen, med det store auditorium på Berte Kanutte-huset ved HVO som lokale, var autismespekterforstyrrelsar (ASF) hos barn og unge.
Kunnskapsformidling er det klare målet for fagdagen, der gevinsten er at tilsette i ulike stillingar i kommunane og helseføretaket får den same kunnskapen.
– Etter ein slik dag skal det vere lettare å samhandle fagleg mellom ulike yrkesgrupper i arbeidskvardagen, fortel Stian Endresen, praksiskonsulent i Helse Møre og Romsdal og fastlege i Ulstein kommune.

Mange likskapar
Han er opptatt av samarbeidet ein har fått til mellom dei tre aktørane.
– Det er tre store aktørar på Søre Sunnmøre når det kjem til dette feltet. Vi ønsker alle å drive god kunnskapsformidling. Det er mange likskapar mellom Høgskulen i Volda og oss i Helse Møre og Romsdal. Vi skal begge drive utdanning, forsking og formidling av kunnskap – om enn til litt forskjellige målgrupper. Difor er også eit samarbeid som ein ser i dag heilt naturleg, meiner Endresen.
Samarbeidet har også gjort at ein har klart å løfte innhaldet i fagdagen.
 – I tillegg er også dette med på å bygge nettverk mellom folk i regionen. Vi har hatt ein arrangementskomité sett saman av helsesøster, kommunepsykolog, overlege og psykologar ved BUP og tilsette ved høgskulen. I arbeidet med ein slik fagdag bygger ein relasjonar i ein slik komité som er viktige, påpeikar Endresen.

Tema for fagdagen
Temaet for fagdagen var Autismespekterforstyrringar hos barn og unge. Innleiingsvis vart BUP sitt gruppetilbod for foreldre og for barn/unge presentert av stipendiat og lege Lise Reindal og klinisk pedagog Lise Bae Andersen. Frå Høgskulen i Volda snakka Bente Hasle om «Foreldrekraft - ein undervurdert ressurs når barn har vanskar». Hovudforedragshaldar var Bernhard Weidle, førsteamanuensis ved NTNU og overlege og spesialist i pediatri og barne- og ungdomspsykiatri. 

Bygge nettverk
Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgjevar ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved HVO, har vore med på liknande faglege arrangement der ein har samarbeidd med Sjustjerna og helseføretaket.
– Dette er eit nytt arrangement i rekka etter at vi starta samarbeidet med desse to aktørane for halvanna år sidan. Vi har hatt både fagdagar og temakveldar tidlegare som det har vore høg deltaking på og i dag er det store auditoriet vårt fullt igjen. Vi er glad for å kunne bygge formelle og uformelle nettverk, og lage arrangement som vi får kopla på våre fagtilsette til, der det er naturleg, seier Tafjord.