Tilvising til BUP
Tilvising til BUP i Helse Møre og Romsdal.
Råd til fastlegar om tilvising til Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) i Helse Møre og Romsdal
I Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal arbeider vi for betre samhandling mellom 1. og 2. linjetenesta og at barn og unge skal få tidlegast mogleg hjelp.
Fastlegen har ei viktig rolle og skal kartlegge psykisk og fysisk helse gjennom direkte undersøking av barnet/ungdomen og samtaler med foreldre/pårørande og gjere ei sjølvstendig vurdering med skildring av problematikken og bekymringane som grunnlag for vidare tilvising til BUP.
- Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP skal vanskane til barnet/ungdomen bli kartlagd i kommunale tenester før tilvising. Ved behov for akutthjelp skal barnet tilvisast direkte til det akutte tilbodet ved psykisk helsevern.
- Når det gjeld barn og unge med lette til moderate psykiske vanskar skal ein først gi hjelp i kommunen
- Spør foreldre/ungdomen om kven dei har vore i kontakt med tidlegare.
- Oppsummeringar frå andre instansar (barnehage, skule, helsesjukepleiar,
barnevernteneste, PPT, psykisk helseteneste) sendast samtidig som vedlegg til tilvisinga.Legg ved kontaktinformasjon. Ein kan óg be føresette/ungdomar om å ta med skriv frå andre instansar. - Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, må fastlegen likevel gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP. Dette gjeld; somatisk historie/ tidlegare sjukdomar. Somatisk status (syn, høyrsel, språk, motorikk, tannhelse, ernæringsstatus/høgde og vekt, legemidlar i bruk, blodprøvar. EKG på indikasjon (vektnedgang/spiseforstyrring). Helsestasjonen gjer ei somatisk vurdering som regel ved 0-2 år og ved skulestart.
- Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdomen er under 16 år, sjå Pasient- og brukerrettighetsloven §4-4.
- Tilvisar opplysar om foreldreansvar, ev. legg ved eit skriv/avtale.
- Det blir tilrådd at barnet/ungdomen eller foreldre/pårørande sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov.
Akuttvurdering
BUP
Ved behov for akuttvurdering, til dømes vurdering av suicidalitet: ring akuttelefon på BUP. Ope kvardager kl 08.00-1530. Etter kl 1530: ring legevakt, tlf. 116117.
Ålesund tlf. 95 20 91 14
Molde tlf. 46 81 53 80
Kristiansund tlf. 95 22 82 85
Volda tlf. 95 12 06 36
Døgnseksjon
Ved behov for innlegging kontakt Døgnsseksjon psykisk helsevern for barn og unge, (UPD), tlf. 70 10 67 00