Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS Ålesund ambulante tenester akutt og ACT

Seksjonen har to team, Akutt heimebehandlingsteam (AHT) og Assertive Communitiy Treatment (ACT)

ACT-team 

ACT-teamet er eit aktivt, oppsøkande behandlingsteam. Teamet leverer og legger i hovudsak til rette for alle grunnleggande tenester til menneske med alvorlige psykiske lidingar, ofte også med rusmiddelproblem, som i liten grad sjølv oppsøker hjelpeapparatet. Behandlinga og kontakta skjer der pasienten oppheld seg.
ACT (Assertive Community Treatment) er ein modell for å gi oppsøkande, samtidige og heilskaplege tenester til menneske med alvorlige psykiske lidingar. ACT-teamet er tverrfagleg og har ei teambasert tilnærming. Modellen er godt dokumentert og er utprøvd i mange land med gode resultat, også i Norge. 
ACT-teamet i Ålesund blei etablert i 2010.
Det er frivillig å ta imot hjelp frå ACT-teamet.
Vi har ingen eigenandel på tenestene.


For meir informasjon om ACT-modellen og evalueringa i Norge, sjå: 

Kven kan få oppfølging av ACT-teamet?

Menneske mellom 18 og 65 år med alvorlig psykisk liding, hovudsakleg schizofreni eller bipolar affektiv liding. I tillegg har ofte personane tilleggsproblematikk. Vanlig behandling og oppfølging frå DPS og kommunen har ikkje fungert. 

Inklusjonskriterier for ACT
«ACT-modellen er best egna for psykosepasientar med lavt funksjonsnivå og omfattande tilleggsbelastningar» (Aakerholt 2013, ACT-handboka, s. 11). 
Hovudkriterier: 
Over 18 år
Alvorlig psykisk liding i psykosespekteret – hovudsakleg Schizofreni-lidingar (ICD-10: F20-29) eller Bipolar affektiv liding (ICD-10: F31) 
Tradisjonell behandling og oppfølging har ikkje gitt tilfredsstillande resultat 

I tillegg minst eit av følgande kriterier:
  • Langvarige og ustabile sjukdomsforløp 
  • Har behov for oppsøkjande behandling 
  • Kan nyttiggjere seg teamtilnærming 
  • Rusmiddelbruk (ROP-liding)
  • Dårlig samarbeid om føreskrive behandling (compliance)
  • Psykotiske symptom
  • Hyppige innleggingar
  • Problem med relasjonar og tilknyting
  • Lettare kognitive forstyrringar
  • Funksjonssvikt 

Liten nytte av ACT-modellen? 
  • Pasientar med personlegdomsforstyrringar som hovuddiagnose 
  • Pasientar som har ei rusdiagnose, utan mistanke om at det ligg føre ein samtidig alvorlig psykoseliding eller bipolar liding
  • Hovudsakleg negative symptom, få eller ingen hallusinasjonar eller vrangførestillingar
  • Rettspsykiatriske og alvorlig kriminell  bakgrunn




Opningstider

ACT-teamet har opningstid måndag til fredag 08:00 – 15:30. Behandlinga tar utgangspunkt i pasientens behov, og det kan gjeras avtaler utanom desse tidene. Teamet er lokalisert i Langelandsveien 17.

Kor lenge varer behandlinga?

ACT-behandling er å møte menneske i et langvarig perspektiv, og teamet følger pasientane med hyppig kontakt over lenger tid. Varigheten av behandlinga vil variere frå person til person. 

Kven jobbar i ACT-teamet?

Teamet består av 9 teammedlemmer med ulik kompetanse; merkantil, psykiater, psykolog, sosionom, russpesialist, jobbspesialist og sjukepleiarar med relevant vidareutdanning. 

Kva hjelper vi med?

ACT-teamet tilbyr behandling av alvorlig psykisk liding med ulike terapeutiske tilnærmingar. Behandlinga vektlegg lindring av symptom, medikamentell behandling, familiestøtte samt oppfølging av økonomi og bustadsituasjon. ACT-teamet gir også heilskapleg oppfølging og behandling av rusavhengighet og støtte til å gjennomføre daglige gjeremål. Teamet er knyta til IPS (Individuell jobbstøtte) med jobbspesialist som samen med resten av teamet kan bidra i forhold til yrkesretta rehabilitering.

ACT-teamet samarbeider med aktuelle samarbeidspartnerar rundt personenes individuelle behov både i kommunen og på sjukehuset. Teamet tilbyr også fellesaktiviteter for personane som får oppfølging av teamet. 

ACT-teamet driftas i samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane Ålesund, Giske, Fjord, Stranda og Sykkylven.

Tilvising

Tenestene gis etter tilvising frå fastlege eller spesialist. Tilvisingane vurderast av ACT-teamet ut frå inklusjonskriteria til teamet. 
Vi ønsker oss en fullstendig tilvising som inneheld:
  • Diagnose
  • Noverande medisinering
  • Sjukehistorie, inkludert rusmiddelbruk
  • Familiesituasjon
  • Bustadsituasjon
  • Økonomisk situasjon
  • Kva har vore forsøkt av hjelpetiltak tidlegare
  • Kva har ført fram, ikkje ført fram
  • Kva slags andre instansar er inne i behandlinga
  • Kva ønsker man at ACT skal bidra med

___________________________________________________________________________________________________________

Akutt heimebehandlingsteam (AHT)

Målgruppa til Akutt heimebehandlingsteam (AHT) er pasientar over 18 år som er i ei akutt psykisk krise og som står i fare for akutt innlegging. Vi har som mål å treffe pasientane innan 4 timar etter tilvising. Teamet er tverrfaglig samansett og består av psykiater, psykolog, sosionom, hjelpepleier og psykiatriske sjukepleierar med relevant tilleggsutdanning. 

AHT:

  • Tilbyr 
    • Akuttpsykiatriske vurderingar 
    • Kartlegging av behov
    • Kortvarig heimebehandling 
  • Førebygger utvikling av alvorleg psykisk krise
  • Hindrar unødige innleggingar i sjukehus
  • Gir råd og rettleiing i akutte psykiske krisesituasjonar
  • Tilvisar vidare til andre behandlingstilbod når det er behov for det
  • Kan tilvise til psykiatrisk avdeling eller ØHD-seng

Slik jobbar teamet

Teamet har som hovudoppgåve å gi rask helsehjelp for ei tidsavgrensa periode i akuttfasa av eit sjukdomsforløp eller akutt oppstått krisetilstand. Tilbodet i AHT er frivillig og basert på samtykke frå pasienten. Man må ha tilvising frå til dømes fastlege, legevakt eller psykisk helseteam i kommunen for å kome i kontakt med oss. Etter at vi har mottatt tilvisinga vil to tilsette i teamet treffe pasienten og gjere ei vurdering, ofte i pasienten sin heim. Saman med pasienten gjer vi avtale om den vidare behandlinga, som til dømes kan være medikamentell behandling, kortvarige psykologiske intervensjonar, støtte og rådgiving til pårørande. Vi kan tilvise vidare til andre einingar i spesialisthelsetenesta eller kommunen ved behov.   

Opningstider

  • Kvardagar 08:00 – 22:00
  • Helg/høgtidsdagar: 11:00 – 19:00

Korleis kome i kontakt med AHT?

AHT tar imot tilvisingar frå fastlege, legevakt, psykisk helseteam i kommunane, andre vaksenpsykiatriske einingar, samt politi og AMK. Vi ønsker tilvisingar på telefon. Tilvisar skal ha møtt pasienten same dag som pasienten blir tilvist til AHT. Tilvisar kan ringe sjukehusets sentralbord og be om å bli satt over til AHT. Man vil per telefon drøfte og vurdere om det er hensiktsmessig at AHT bidreg. 




Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Akutt heimebehandlingsteam, Ålesund sjukehus 6026 Ålesund
Helse Møre og Romsdal HF ACT-team Sunnmøre Langelandsveien 17 6010 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

ACT-team Sunnmøre
Langelandsveien 17

Akutt heimebehandlingsteam
Ålesund sjukehus, psykiatribygget (Åsehaugen 7a)

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5