Generell informasjon
Våre ambulante allmennteam tilbyr spesialisert, tverrfagleg utgreiing og behandling innan psykisk helse og rus.
Behandlinga og kontakta skjer der pasienten oppheld seg, vanlegvis i heimen eller i nærmiljøet. Pasienten deltek i å utarbeide ein plan for behandlinga. Det er eit nært samarbeid med pårørande og kommunale tenester.
Tenestene er allmenne, det vil seie at dei har eit fagleg innhald som femner om alle dei vanlege psykiske lidingane. Tilbodet blir tilpassa den enkelte sine behov i den samanhengen han/ho står i.
Ambulante tenester allmenn har tilsette med helsefagleg bakgrunn (lege, psykolog, sjukepleiar m.fl.) som alle har spesialisert kompetanse. Det blir gitt tverrfagleg behandling med teambasert tilnærming. Vanlegvis er det to behandlarar som deltek i kvar pasientsamtale.
Det vil variere frå person til person kor lenge behandlinga varer. Dei fleste får eit tilbod som går over fleire månadar.
Målgruppe
Tenestene er tilpassa personar med psykisk liding som har omfattande utfordringar knytt til belastande symptom og problem med å fungere i kvardagen. I tillegg kan det også vere behov for å styrke nettverket rundt personen. Situasjonen må vere så krevjande at dei kommunale tenestene ikkje er tilstrekkeleg og spesialisthelsetenesta må inn som eit supplement.
Tilbod
Ambulante tenester allmenn gir utgreiing og behandling som inkluderer:
- Kartlegging og diagnostisering
- Medisinvurdering og -justering
- Samtaleterapi
- Opplæring med fokus på tilfrisking og mestring
- Rettleiing til pårørande
- Samarbeid med kommunane
Heimebehandling er eit alternativ til døgnbehandling i institusjon.
Vi tilbyr følgjande kurs:
- Kurs i depresjonsmestring (KID)
- Kurs i belastningsmestring (KIB)
- Kurs i angstmestring (KIA)
Korleis søke?
Fastlege kan søke pasientar til ambulant behandling. Dersom andre kommunale tenester søker, må fastlege vere involvert.
Søknad skal sendast elektronisk til: Henvisning Psykisk helsevern voksne – Voksenpsykiatrisk avdeling
Eller i vanleg post til:
Helse Møre og Romsdal HF
Psykiatrisk poliklinikk DPS Ålesund
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ved behov har vi vurderingssamtalar med pasienten for å få ei betre forståing av situasjonen og kva slag behandlingstilbod som vil vere mest eigna. Alle søknadar vert vurdert i eit felles inntaksråd der psykiater og/eller psykologspesialist er med.
Prioriteringsrettleiaren i psykisk helsevern for vaksne blir brukt i vurderinga.
I tillegg kan pasientar få tilbod om ambulante tenester etter institusjonsopphald i sjukehus eller distriktspsykiatrisk døgntilbod.
Opningstid
Opningstida er kvardagar mellom kl. 8.00 og 15.30.
Eigendel
Pasientar som får ambulant behandling, må betale ein eigendel som svarer til polikliniske satsar. Eigendelen blir rekna inn i grunnlaget for frikort.