Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS Volda - Ambulant seksjon

Seksjonen har tre team: AHT - Akutt heimebehandlingsteam ACT - Aktivt oppsøkjande behandlingsteam AAT - Ambulant allmenn team

Akutt heimebehandlingsteam (AHT)

AHT tilbyr heimebehandling som alternativ til mennesker som opplev akutt psykisk krise og som er på veg til akuttinnlegging ved psykiatrisk avdeling. Teamet har som hovudoppgåve å gi rask helsehjelp for ei tidsavgrensa periode i akuttfasa av eit sjukdomsforløp eller akutt oppstått krisetilstand. Tilbodet i AHT er frivillig og basert på samtykke frå pasienten.
  • Tilbyr akuttpsykiatriske vurderingar, kartlegging av behov og kortvarig heimebehandling.
  • Førebygger utvikling av alvorleg psykisk krise
  • Hindrar unødige innleggingar i sjukehus
  • Gir råd og rettleiing i akutte psykiske krisesituasjonar

Målgruppe

Psykose, alvorlege stemningslidingar og suicidalitet.
Tenesta er for mennesker over 18 år som er busett på Søre Sunnmøre (Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Volda, Ørsta, Vanylven).

Tilvising

For å kome i kontakt med oss må ein ha tilvising frå legevakt, fastlege, anna kommunal psykisk helseteneste eller spesialisthelseteneste. Tilvisinga må vere munnleg pr. telefon.

Opningstider

Mandag - fredag: kl 08.00-22.00.
Laurdag og søndag: kl 12.00-19.30.
 

Assertive Community Treatment (ACT)

ACT er eit aktivt oppsøkjande behandlingsteam som tilbyr behandling/rehabilitering for mennesker mellom 18-65 år med alvorlig psykisk liding, hovudsakleg schizofreni eller bipolar affektiv liding. I tillegg har ofte personane tilleggsproblematikk. I hovudsak kan vi tilrettelegge alle basistenestar.

Tilvising

Pasientane må tilvisast frå fastlege eller spesialist. ACT-behandling er frivillig og kommunane gjer vedtak på kven dei vil prioritere til å motta denne behandlinga. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl.08.00 - 15.30.
 

Ambulant allmennteam (AAT)

AAT tilbyr heimebehandling ofte i samarbeid med lege og kommunehelsetenesta. Vi tilbyr målretta individuell behandling, kartlegging, medisinvurdering og rettleiing. Tenesta er frivillig. 

Målgruppe

Pasientar som ikkje kjem seg til poliklinisk behandling. Pasientar som treng meir oppfølging enn det kommuna kan tilby.

Tilvising

Fastlegen sender elektronisk tilvising til inntaksteam Volda – Henvisning Psykisk helsevern voksne – Psykiatrisk avdeling.
 
Eventuelt per post til:
Helse Møre og Romsdal HF
DPS Volda Psykiatrisk poliklinikk
Postboks 113
6101 Volda

Opningstid

Mandag – fredag: kl. 08.00 - 15.30
 

Eigendel

Pasientar som får ambulant behandling, må betale ein eigendel som svarar til polikliniske satsar. Eigendelen blir rekna inn i grunnlaget for frikort.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 09:00 - 15:30
  • Tysdag 09:00 - 15:30
  • Onsdag 09:00 - 15:30
  • Torsdag 09:00 - 15:30
  • Fredag 09:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Her når du oss på tvers av teama.
  • Måndag 09:00 - 15:30
  • Tysdag 09:00 - 15:30
  • Onsdag 09:00 - 15:30
  • Torsdag 09:00 - 15:30
  • Fredag 09:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Her når du oss på tvers av teama.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
DPS Volda - Ambulant seksjon
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

DPS Volda - Ambulant seksjon

Hamnegata 20
6100 Volda
Åpningstider
  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT