DPS døgnseksjon Kristiansund
Helse Møre og Romsdal HF, har i alt fem distriktspsykiatriske sentra (DPS) der eitt ligg i Kristiansund. DPS Kristiansund består av ein DPS almennpsykiatrisk poliklinikk og eit DPS døgntilbod. som samarbeider nært. DPS Kristiansund tilbyr primært tenester til innbyggjarar i Nordmørskommunane Kristiansund, Averøy, Tingvoll, Halsa, Surnadal, Rindal, Aure og Smøla. Men sidan det er fritt val av behandlingsstad har vi også gitt behandlingstilbod til dømes til innbyggjarar i Molde, Fræna, Vestnes og Rauma. Vi har 18 døgnplassar og av desse er 2 brukarstyrte plassar.
Behandling
Behandlingstilbodet er tverrfagleg, individuelt tilpassa og heilskapleg lagt opp med mellom anna individuell psykoterapi, medikamentell behandling, ECT behandling, traumebehandling, kognitiv terapi, eksponeringstrening eller samtalar/rådgiving. Det er tilbod om støttesamtale/fokussamtale spesielt på ettermiddag og kveld. Støttesamtalen er konsentrert om «her og no» og er løysingsorientert.
Brukarmedverknad er sentralt gjennom behandlingsopphaldet. Det vert spesielt fokusert på strukturert miljøterapi, samtalegruppe, kreativ gruppe, psykoedukasjon, metakognitiv terapi. Fysisk aktivitet som del av behandlingstilbodet og sosial eksponering: Turgruppe, trimgruppe, bevegelsesgruppe og klatring (under vegleiing av aktivitør, ergoterapeut og sjukepleiar) kan gi erfaringar som bidreg til auka mestringskjensle og sosial tilknyting/felleskap. Fysisk aktivitet fremmer god helse ved blant anna å gi meir energi og overskudd. Samstundes kan fysisk aktivitet redusere stress, angst og depressive symptom og bidra til betre sjølvbilde og søvnkvalitet
Bilde av døgnseksjonen
Eit av våre pasientrom. Romma er og utstyrt med eige bad og wc.
Seksjonen har to barneansvarlege for barn som pårørande. Vi har innreidd eit eige besøksrom
som er tilrettelagt for barnefamiliar. Her er det leikekrok, ei hyggeleg sittegruppe og minikjøkken.
Kjøkken og spisestove.
Innlegging ved døgeininga skjer etter søknad eller tilvising frå:
- Fastlege
- Psykiatritenesta der du bur
- Psykiatriske poliklinikkar i Helse Møre og Romsdal
- Sjukehusseksjonar i Helse Møre og Romsdal
- Ambulante akutteam i Helse Møre og Romsdal. Det er eit eige ambulant akutteam knytt til DPS Kristiansund. Dei har ope frå kl 8:00 - 21:30. Utanom opningstida til Ambulant Akutteam, kan du ringe rettleiingstelefonen hos DPS Kristiansund døgnseksjonen 948 78 470.