Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har blant anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Vi samarbeider med fastlegar, NAV og andre relevante instansar der det er behov for det.
I tillegg til ordinær poliklinikk har vi eit fylkesdekkande behandlingstilbod for pasientar med tvangslidingar (OCD). OCD-teamet held til i poliklinikken ved DPS Molde.
Helse Møre og Romsdal har i alt fem distriktspsykiatrisk sentra (DPS) der eitt av desse ligg i Molde. Senteret består av to seksjonar, ein DPS poliklinikk og eit DPS døgntilbod som samarbeider nært. DPS Molde har primært tenester til innbyggere i kommunane Rauma, Vestnes, Sandøy, Misund, Aukra, Fræna, Eide, Gjemnes, Nesset, Sunndal og Molde. Vi tilbyr individuell-, gruppe-, og dagbehandling. DBT-poliklinikken R.O.B.U.S.T. er eit spesialisert team for pasientar som har store vanskar med følelsesregulering og som skader seg.
Tilvisingar
Tilvisingane til oss kjem i hovudsak frå fastlege. Alle tilvisingar blir vurdert i inntaksteam fortløpende. Pasienten sin helsetilstand blir først og fremst vurdert ut frå opplysingane i tilvisinga, og difor er det viktig at denne inneheld relevante opplysingar om sjukehistorie, symptom, og forsøk på behandling.
Innan ti arbeidsdagar frå vi har fått tilvisinga skal vi ha vurdert den og sendt svar til pasienten med vår vurdering og eventuelt tidspunkt for behandling.
Sjekkliste for tilvising:
- Aktuelle symptom
- Aktuell funksjonsskildring
- Aktuelle kartleggingar/testar (eksempelvis MADRS)
- Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt?
- Tidlegare psykiske helseplager
- Kjente psykiske helseplager i nær familie
- Somatisk status
- Medisinar (dato for siste endringar, og serumkonsentrasjon)
- Eventuell rusmiddel/legemiddelavhengigheit
- Cave
- Omsorg for barn
- Nettverk
- Pasienten sin motivasjon for behandling
Ved behov for akutt hjelp kan du kontakte vårt ambulante akutteam.