Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS poliklinikk Molde

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar over 18 år, som har moderate til alvorlege psykiske lidingar, og som har fått innvilga rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Vurdering av rett til helsehjelp blir gjort med bakgrunn i tilvisingar som blir mottekne ved seksjonen. Pasientar med milde til moderate psykiske lidingar kan ha god nytte av ulike tilbod i kommunehelsetenesta.

Det blir gjeve tilbod om ulike behandlingstilnærmingar innanfor gjeldande nasjonale retningslinjer og anbefalingar. Dette kan vere ulike former for psykoterapi individuelt, i gruppe eller ein kombinasjon, samt medikamentell behandling. Vi har kompetanse innanfor fleire terapiretningar for ulike psykiske lidingar. Vi samarbeider med fastlegar, NAV og andre relevante instansar.

Helse Møre og Romsdal HF har fire distriktspsykiatriske senter (DPS), der eitt av desse held til på Knausenteret i Molde. Molde DPS består av to seksjonar, ein poliklinikk og ein døgnseksjon som samarbeider nært. Opptaksområdet til DPS Molde er innbyggarane i kommunane Vestnes, Rauma, Sunndal, Gjemnes, Hustadvika, Molde og Aukra.

DPS poliklinikk Molde har organisert tilboda i ulike behandlingsteam:

  • Allmennteama er tverrfagleg samansett med kompetanse innanfor ulike faglege tilnærmingar, og utgreier og behandlar eit breitt spekter av psykiske lidingar.
  • Gruppebehandlingsteamet  gjev tilbod om gruppebehandling innanfor ulike typar psykodynamisk terapi av ulik varigheit, for personar med eit breitt spekter av psykiske lidingar.
  • ROP-teamet gjev tilbod om poliklinisk utgreiing og integrert behandling av samtidig psykisk liding og skadeleg bruk av rus/rusavhengnad.
  • DBT-teamet (ROBUST) gjev tilbod om behandling for personar med sterke ustabile kjensler som er vanskelege å handtere, og kor ein ofte brukar sjølvøydeleggande strategiar for å meistre kjenslene. Behandlingsprogrammet inneheld individuell time og ferdigheitsgruppe kvar veke. Tilbodet er fylkesdekkande. 
  • B4DT-teamet gjev tilbod om spesifikk angstbehandling etter firedagars-modellen for panikkliding, sosial fobi og tvangsliding, og vidareutvikling av denne modellen. Behandlinga av tvangsliding er eit fylkesdekkande tilbod.
  • Ambulant psykoseteam gjev tilbod om ambulant behandling for pasientar med alvorleg psykisk liding som ikkje greier å nyttiggjere seg andre tilbod, med utgangspunkt i tilnærminga til FACT-modellen. 
  • Ambulant Akutteam tilbyr rask og tidsavgrensa intervensjon ved akutt forverring av psykiske lidingar eller akutte kriser. Alle kan ta direkte kontakt med teamet, ikkje naudsynt med tilvising. Opningstid 08:00 – 15:30 på kvardagar.

Tilvisingane til poliklinikken kjem i hovudsak frå fastlege, og blir fortløpande vurdert i inntaksteam. Helsetilstanden til pasienten blir først og fremst vurdert ut ifrå opplysningane i tilvisinga. Det er derfor viktig at denne inneheld relevante opplysningar om sjukehistorie, aktuelle symptom og grad av desse, påverknad på funksjon på ulike livsområde og tildegare forsøk på behandling. 

Innan ti verkedagar frå vi har motteke tilvisinga, skal den vere vurdert og svar sendt til pasienten og tilvisar. Ved rett til helsehjelp vil pasient og tilvisar motta melding om at retten er innvilga, og pasienten vil bli kalla inn til time innan behandlingsfristen som blir sett (jf. Prioriteringsrettleiar – psykisk helsevern for vaksne). Ved avslag blir det òg sendt melding til pasient og tilvisar om dette, samt at det blir sendt brev med grunngjeving til tilvisar.

Sjekkliste for tilvising:

•    Aktuelle symptom
•    Aktuell funksjonsskildring
•    Aktuelle kartleggingar/testar (eksempelvis MADRS)
•    Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt?
•    Tidlegare psykiske helseplager
•    Kjente psykiske helseplager i nær familie
•    Somatisk status
•    Medisinar (dato for siste endringar, og serumkonsentrasjon)
•    Eventuell rusmiddel/legemiddelavhengigheit
•    Cave
•    Omsorg for barn
•    Nettverk
•    Pasienten sin motivasjon for behandling

Ved behov for akutt hjelp kan du kontakte vårt ambulante akutteam.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 14:30
  • Tysdag 08:00 - 14:30
  • Onsdag 08:00 - 14:30
  • Torsdag 08:00 - 14:30
  • Fredag 08:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
DPS poliklinikk Molde
Postb. 1600
6026 Ålesund

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
For timar etter 27. april kan du no sende oss melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din.

Sikker dialog

eDialog
For timar før 27. april kan du trygt sende oss ei melding via eDialog (login via ID-porten). Vi treng då fødsels- og personnummer for å finne timen din i vårt journalsystem.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Knausensenteret
Nøisomhedvegen 12
6416 Molde

En bygning med biler parkert foran

Knausensenteret

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde