Seksjonen tilbyr individuelt tilrettelagt behandling og utgreiing til rusavhengige over 18 år. Behandlinga krev at du kan fungere innan rammene av ein open seksjon. Vi ønsker å gi eit tilbod til deg som har rusproblematikk som den dominerende utfordringa, og ikkje psykiske problemstillingar som overskygger evna til å delta aktivt under opphaldet.
Behandling og utgreiing i avdelinga vert normalt tilbydd i åtte veker, med mogelegheit for individuelle tilpassingar. Vi tilbyr og forventar deltaking i poliklinisk ettervern etter avslutta døgnopphald. Innlegging skjer frivillig etter Spesialisthelsetjenesteloven § 3-12. Vi tar også imot innleggingar etter Helse og Omsorgstjenesteloven § 10-2,10-3 og 10-4 og etter Straffegjennomføringsloven § 12.
Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje.
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande
Besøkstid er alle dagar, unntatt onsdag, frå kl. 17.00-19.00. Ta kontakt med oss før besøket.
Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.
Kvardager:
Frukost 07: 45
Lunsj 12:00
Middag 15:30
Kvelds 19:30
Lørdag:
Frukost 09:30
Varm lunsj 14.30
Middag 19.00
Søndag:
Middag 14.30
Kvelds 19.00
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.