Våre tenester
- Diagnostisering og tverrfaglig utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov
- Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø
- Kurs/opplæring til pasient, pårørande eller samarbeidspartnarar i førstelinetenesten
- Psykoedukative gruppetilbod
Seksjon for vaksenhabilitering skal bistå kommunane ved utforming og gjennomføring av tiltak der ein nytter tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemning etter «Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.» kapittel 9.
Vaksenhabilitering har eit nært samarbeid med seksjon for barnehabilitering, nevrologisk avdeling og psykiatriske seksjonar i helseforetaket.
Tilvising
Primært er det fastlegen, eventuelt i samarbeid med førstelinetenesten, som tilviser. Det er viktig at tilvisinga inneheld sentral informasjon slik at vi kan gjere ei god vurdering. Medikamentoversikt, epikriser frå tidlegare utgreiingar, tidlegare og noverande sjukehistorie er viktig. Habilitering omfattar ofte både individ- og miljøretta tiltak, og vil involvere mange samarbeidspartar. Før tilvising blir sendt, bør ein drøfte problematikken med aktuelle samarbeidsinstansar lokalt, for eksempel i ansvarsgruppe eller med kommunal koordinator.
For at vi skal kunne hjelpe best mogleg ber vi deg som pasient om løyve til å innhente informasjon frå andre instansar.
Ventetid
Vi har faste inntaksmøte og vurdering skal skje innan 10 arbeidsdagar frå vi har mottatt tilvisinga. Dette blir vurdert individuelt og prioritert ut frå «Prioriteringsveileder – habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten». Som hovudregel får ein time i første brev.
Er det spørsmål om rutinar ved tilvising, arbeidsform eller kva slag tilbod tenesta kan gi , ta gjerne kontakte med oss.