Dette gjelder menneske med:
• Utviklingshemming
• Gjennomgripande utviklingsforstyrringar (innan autismespekteret)
• Omfattande hjerneskade, motorisk eller sensorisk skade/sjukdom
• Sjeldne syndrom
Våre tenester
• Diagnostisering og tverrfagleg utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov
• Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø
• Kurs/opplæring til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar i førstelinetenesta
Spesialisert habilitering skal bistå kommunane i utforming og gjennomføring av tiltak der ein nyttar tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemming etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester kapittel 9.
Spesialisert habilitering samarbeider med Fylkesmannen i Møre og Romsdal om kompetansehevande tiltak i kommunane i bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming.
Tilvising
Habiliteringstenesta ønskjer ein mest mogeleg tverrfagleg tilvisng. For å få til eit best mogeleg tilbod for pasienten, er det viktig at habiliteringstenesta er i dialog med dei fagpersonane som jobbar med pasienten lokalt.
Tilvisinga skal i tillegg til problemstillinga innehalde aktuell medikamentliste og tidlegare og noverende sjukehistorie og sendast inn av lege.