Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utgreiing og behandling psykisk helsevern SNR

Vi gir eit høgspesialisert tilbod med aktiv, intensiv og tilrettelagt utgreiing/diagnostisering for pasientar med psykoseliding, alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Oppstart av behandlinga skjer her hos oss.

Vi har 5 sengeplassar for planlagt innlegging og 6 sengeplassar for pasientar til utgreiing og diagnostisering av psykoselidelse.   

Tilvising 

Innlegging skjer etter tilvising frå lege ved anna seksjon i klinikken eller som overføring fra Akutt psykisk helsevern SNR. 

Våre faggrupper  

  • Psykiater 
  • Psykolog 
  • Fysioterapeut 
  • Sjukepleiar 
  • Vernepleiar 
  • Helsefagarbeidar  

Mange av våre tilsette har spesialisering innan psykisk helsevern. 

Oppstart av behandling 

Vi skal greie ut og starte opp behandling. Behandlinga blir individuelt tilpassa anten det er individuell psykoterapi, medikamentell behandling og/eller elektrokonvulsiv behandling (ECT). Som verktøy i utgreiinga bruker vi spesialiserte testar og strukturerte intervju.  

Hos oss møter du eit terapeutisk miljø med gode og trygge rammer for deg som pasient.  

Under opphaldet er fortløpande observasjonar og kartleggingar ein del av behandlinga.  

Vi tilbyr dagleg kropps- og bevisstheitsgruppe, trenings- og avspenningsgruppe ved fysioterapeut, gruppebehandling og familieterapi for par eller familiar.  

Behandlinga er tverrfagleg og heilskapleg lagt opp. 

Fast kontaktperson 

Under innlegginga vil du få ein pasientansvarleg koordinator (PAK) som har samtale med deg ved innkomst. Denne personen vil også ha kontakt med deg i løpet av behandlingstida og ved planlegging av utskriving. I tillegg er dette kontaktpersonen for dine næraste pårørande. 

Kontakt

Sentralbord Nordmøre og Romsdal

Slik finn du fram

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 2b

6450 Hjelset