Dagkirurgi Molde

Vi tar imot og førebur deg som skal til operasjon eller undersøking, overvåkar og tar vare på deg etter operasjonen fram til du er klar til å reise heim. Vi behandlar pasientar innan plastisk kirurgi, urologi, gastrokirurgi, gynekologi, ortopedi, tann/kjeve, øyre/nase/hals, auge og generell kirurgi. Også dei som treng infusjonar, røntgenundersøkingar og andre undersøkingar/behandlingar i narkose, kjem hit. 

Operatøren har ansvar for deg som pasient, og snakkar med deg og eventuelt undersøker deg på morgonen før operasjonen. Før du reiser heim informerer operatøren deg om behandlinga du har fått og avtalar vidare oppfølging dersom det er behov for det. 

Fann du det du leita etter?