Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dialysen Molde

Til dialyseavdelinga kjem pasientar med kronisk nyresvikt som har behov for dialysebehandling.

Ei dialysebehandling tar omlag fire timar, og dei fleste som går i dialyse har behov for å få behandlinga tre gonger i veka. Sjukepleiarane på dialysen har spesialkompetanse og vidareutdanning i nyresjukdommar, har lang erfaring, og legg vinn på å ha pasienten i fokus. Samarbeidet mellom sjukepleiarane og legespesialisten i nyre, står sentralt.

Nyrespesialistane i Helse Møre og Romsdal samarbeider tett, og har delt nokre oppgåver mellom seg. Difor vil pasientane oppleve å få anlagt blodtilgang (operere inn dialysekateter) i Ålesund, samt at ei eventuell utgreiing for transplantasjon for tida gjerast i Ålesund. Oppstart og oppfølging av dei som nyttar peritonealdialyse skjer og for tida i Ålesund.

Dialyseavdelinga i Molde har omlag 8 pasientar kvar dag i dialysebehandling, avdelinga i Kristiansund har omlag 10 pasienter kvar dag.

 
Hvis du skal til nyre poliklinikk, er næraste ved Kristiansund sjukehus. Dit kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av nyresjukdommar, og som ikkje treng døgnopphald.

Kontakt

Telefon

Slik finn du fram

Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde