Gynekologisk poliklinikk Kristiansund
Ved poliklinikken gir vi tilbod om utgreiing, diagnostisering og behandling av svangerskap og andre gynekologiske tilstandar. Ultralydscreening i svangerskapsveke 17-20 er eit tilbod til alle gravide etter tilvising frå fastlege eller jordmor. For gravide med risikotilstandar kan det vere aktuelt med oppfølging i svangerskapet ved poliklinikken. Kvinner som ønskjer sjølvbestemt abort kan ta kontakt med poliklinikken utan tilvising.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Bruk inngang E frå sjukehusbakken. Då finn du poliklinikken rett innafor døra.Kristiansund sjukehus
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund