Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Undersøking ved diabetisk fotsårteam

Kirurgisk og ortopedisk poliklinikk Molde

Vi behandlar pasientar som er tilvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan fagområda kirurgi, ortopedi, urologi, gastro og plastikk. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølging av pasientar.  I tillegg har vi sjukepleiarar innan stomioppfølging, osteoporose, sårbehandling og urologi som har eigne polikliniske konsultasjonar. Alle legar knytt til poliklinikken har faste konsultasjonsdagar.  Hos oss er konsultasjonane planlagde. Dersom du ikkje har time og skal på skadepoliklinikk, høyrer dette til i akuttmottaket og du skal dit.

Tverrfagleg diabetisk fotsårteam

Som den einaste poliklinikken i Helse Møre og Romsdal har vi eit tverrfagleg diabetisk fotsårteam. Her blir pasientar undersøkt, diagnostisert og behanda av eit kompetent team beståande av sjukepleiar, ortoped og ortopediingeniør. Gjennom fagleg utvikling og forsking skal vi tilby kvalitetssikra og god behandling til deg som pasient.   
Diabetisk fotsårteam finn du på kirurgisk og ortopedisk poliklinikk i 1. etasje. 

Fysikalsk poliklinikk 

Ortopedane hos oss har fysikalsk poliklinikk med ortopediingeniør tilstades. 
Fysikalsk poliklinikk finn du i sokkeletasjen ved fysikalsk avdeling.
 

Stomipoliklinikken

Stomipoliklinikken finn du i 4. etasje på avdeling for dagkirurgi. Ved ankomst kan du sette deg utanfor rommet som er skilta med stomipoliklinikk. 

Uroterapi 

Uroterapi finn du på kirurgisk og ortopedisk poliklinikk i 1. etasje.

Osteoporosepoliklinikken

Osteoporosepoliklinikken finn du i 4. etasje på avdeling for dagkirurgi. Ved ankomst kan du sette deg utanfor rommet som er skilta med osteoporosepoliklinikk


I poliklinikkane vil det tidvis vere med sjukepleiarstudentar som får viktig opplæring og praksis i samband med studie ved Høgskolen i Molde. 

g_0ccee390_ec05_49f5_9494_a31da48896d5



Kontakt

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
For timar etter 27. april kan du no sende oss melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din.

Sikker dialog

eDialog
For timar før 27. april kan du trygt sende oss ei melding via eDialog (login via ID-porten). Vi treng då fødsels- og personnummer for å finne timen din i vårt journalsystem.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kirurgisk og ortopedisk poliklinikk ligg i 1. etasje, bak akuttmottaket. Hugs å fylle ut tilsendt skjema til første konsultasjon og lever det i skranken ved ankomst. Registrer deg til timen din ved å vende deg i skranken.

Dersom du har fått beskjed om å fjerne gips før røntgenundersøking, kjem du til poliklinikken 15 min før timen på røntgen.

Sjå også oppmøtestader for våre fagspesifikke poliklinkkar under Les meir om Kirurgisk og ortopedisk poliklinikk Molde.
Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde