Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dageininga Kristiansund

Dageininga tek imot deg som skal til dagkirurgiske inngrep innan fagområda ortopedi, urologi, generell kirurgi, gynekologi og øyre-nase-hals.

Vi har 10 senger samla i eit stort rom, og er bemanna med spesialsjukepleiarar/ sjukepleiarar. Den enkelte operatør har ansvaret for sine pasientar ved avdelinga. Operatøren snakkar med og evt. undersøker deg på morgonen før operasjonen, og informerer deg før heimreisa, samt bestemmer vidare oppfølging.
Vi jobbar tett saman med operatørane og logistikkontor for å gi deg det aller beste innan behandling, oppfølging og informasjon.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 19:30
  • Tysdag 07:30 - 19:30
  • Onsdag 07:30 - 19:30
  • Torsdag 07:30 - 19:30
  • Fredag 07:30 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Seksjon for dagbehandling Kristiansund sjukehus Herman Døhlens vei 1 6508 KRISTIANSUND

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Dageininga ligg på plan 0.
Når du kjem inn hovudinngangen, gå til høgre og gå/ta heisen ned ein etasje. Gå gjennom mottakinga og vidare til venstre.

Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund