Vi har kort ventetid på lyskebrokk-operasjonar

Vårt team på Volda sjukehus har lang erfaring og kort ventetid på dagkirurgiske inngrep. Vi står klare til å ta imot deg! Ta kontakt med oss for å få vite meir.

Kirurgane ved Volda sjukehus
Kirurgane ved Volda sjukehus

Volda sjukehus er Søre Sunnmøres lokalsjukehus og dekker eit nedslagsfelt på om lag 50 000 innbyggjarar. Vi er eit lite lokalsjukehus som legg vår stoltheit i at pasienten skal ha det best mogleg mens han eller ho er hos oss. Dei siste åra har Volda sjukehus vore rangert på topp blant sjukehusa pasientane er mest tilfreds med på den nasjonale pasienttilfredsheitsundersøkinga.

Vi har over tid bygd opp solid erfaring innan gastrokirurgi, og har for tida eit kompetent team beståande av gastrokirurgar og assistentlegar som har spesialisert seg på kikkholskirurgi. Operasjonsmetoden er skånsam og får deg fort på beina igjen.
Her kan du lese meir om behandlinga.

Kirugene Jon Hjorthaug, Therese Saunes og Olav Skjærpe Brattli

Kirurgane Jon Hjorthaug, Therese Saunes og Olav Skjærpe Brattli har spesialisert seg på dette inngrepet, og er klare for å ta imot fleire pasientar.  

I 2020 gjorde vi til saman 115 lyskebrokk-inngrep. 

Og i dag har vi kort ventetid på lyskebrokk-operasjonar. 

Som pasient i Norge kan du fritt velje behandlingsstad. Står du på lang venteliste og ønsker å bli ferdig med operasjonen din, må du gjerne ta kontakt med oss direkte.

Du kan kontakte oss som sit på inntakskontoret på telefon 70 05 82 48 .
Du kan også ta kontakt med fastlegen eller tilvisaren din. 

Kjem du langvegsfrå vil du bli teke godt i mot

Ørsta-Volda lufthamn ligg rett i nærleiken og har direkteavgangar frå dei største byane i Norge. 

Kjem du som tilreisande pasient, vil du få tilbod om hotellovernatting i nærleiken av Volda sjukehus. 

Vi er opptekne av at du som pasient skal føle deg trygg og ivaretatt. Difor har vi spesialavtalar med hotell som har eit fast kontaktpunkt til sjukehuset, om du skulle ha behov for å snakke med oss etter operasjonen.  

Velkommen til Volda sjukehus!

 

Volda sjukehus, eit trivselssjukehus omkransa av dei vakraste toppane på Sunnmøre

Volda sjukehus, eit trivselssjukehus omkransa av dei vakraste fjelltoppane på Sunnmøre.


Fann du det du leita etter?