Vi har spesialistar innanfor følgjande områder
- Hjertesjukdommar
- Diabetes og stoffskiftesjukdommar
- Lungesjukdommar
- Mage- og tarmsjukdommar
- Blodsjukdommar- og medisinsk kreftbehandlingar
- Nyresjukdommar og dialyse
- Alderssjukdommar (geriatri)
- Slag
Visittid for besøkende: Kl. 17.00 - 19.00. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet. Vi ber om at tiden blir overholdt av hensyn til medpasientar.
Kontaktperson blant pårørande
For å kommunisere godt med dine pårørande ber vi om de blir einige om ein person som vi kan ha kontakt med. Vi anbefaler at pårørande ringer oss mellom klokka 12:00 og 14:00. Då skal vi vere tilgjengelege og gi best mogeleg informasjon. Pårørande kan også vere med på legevisitten, dersom du synest det er greitt.
Medisinar
Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, med oversikt over kva medisinar du brukar.
Personlige eigendelar
Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tek ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.
Permisjonar
Dersom du går ut av avdelinga må du på førehånd avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønsker det, og behandlande lege tillet det, kan du får permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.