Send oss ein e-post
Finn oss på kartet (google maps)
Tilsette
Media
Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med dei rette personane så langt råd er. Helseføretaket har ikkje nokon turnus for pressevakt, og dersom det ikkje gjeld akutte hendingar ber vi om at media tek kontakt på kvardagar i ordinær arbeidstid.
Kontakt Kommunikasjonsavdelinga:
- info@helse-mr.no Vi les kun e-post kvardager i ordinær kontortid dersom ikkje anna er avtalt.
- Vakttelefon: (+47) 94 17 61 73 (NB! SMS fungerer ikkje på vakttelefonen)
Les meir om mediekontakt
Offentleg postjournal
Vi legg til rette for meiroffentlegheit, og det betyr at dei fleste dokumenta vi har i arkivet vårt er tilgjengeleg for publikum. I postjournalen finn du informasjon om alle typer dokument. Sjølve dokumenta er ikkje tilgjengeleg, men du kan be om å få innsyn ved å sende e-post til postmottaket. Postlister som er nyare enn tre måneder ligg tilgjengeleg på nettet, men om du ønskjer å sjå eldre postlister må du sende ein e-post til postmottaket.
Postjournalen finn du her
Send e-post til postmottaket
Reglar for innsyn finn du i Offentleglova
Styresaker
Kontaktinfo til styreleiar og sakspapir for styret i helseforetaket finn du på vår styreadministrasjon.
Intern kommunikasjon
Kommunikasjonsavdelinga si viktigaste oppgåve er å gi relevant informasjon til medarbeidarane om det som skjer i helseføretaket. Det skjer hovudsakleg gjennom intranettet, ein felles kommunikasjonskanal for heile føretaket der alle tilsette kan bidra. Vi sender også ut nyheitsbrev til alle tilsette. Kommunikasjonsdirektøren er ein del beredskapsleiinga i helseføretaket. Kommunikasjonsavdelinga hjelper også til med å formidle kontakt mellom journalistar og fagfolk i saker der problemstillingar og tema er interessante for pasientar og pårørande. Vi med å kvalitetssikre tekst og bistår i utforming av materiell, ta bilde og lage enklare videoar.
Ekstern kommunikasjon
Kommunikasjonsavdelinga har også ansvaret for å produsere og publisere innhald til helse-mr.no, og vi har ansvaret for helseføretaket på Facebook, Instagram og LinkedIn. Vi formidlar også nyheiter frå sjukehuset av allmenn interesse.
Rådgiving
Kommunikasjonsavdelinga bidrar med strategisk og praktisk rådgiving i både interne og eksterne prosjekt og i mediesaker der avdelingar eller andre ønskjer bistand. Vi tilbyr rådgiving for avdelingar som ønskjer å bruke intranettet og Teams som arbeidsverktøy og kommunikasjonsplattform. Vi tilbyr også rådgiving for korleis informasjon kan formidlast gjennom helse-mr.no.
Logo og profilhandbok
Logoen skal brukast i samsvar med nasjonalt profilprogram for helseføretaka.
Nasjonalt profilprogram (pdf)
Logo Helse Møre og Romsdal (ai)
Logo Kristiansund sjukehus (ai)
Logo Molde sjukehus (ai)
Logo Volda sjukehus (ai)
Logo Ålesund sjukehus (ai)