Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digitale kurs- og grupperom

Her finn du informasjon om personvern og praktiske opplysningar knytt til digitale kursrom frå Norsk Helsenett (Join) nytta i Helse Møre og Romsdal

Praktisk informasjon om førebuingar til digitalt kurs

Join gjer at du koplar deg opp til eit virituelt møterom direkte frå nettlesaren din og det trengs verken nedlasting eller ekstrautstyr. Du vert invitert inn til eit digitalt kursrom via ei nettlenke du må klikke deg inn på (i god tid) før kurset. Det er likevel nokre førebuingar du kan gjere for å få best mogleg utbytte av det digitale kurstilbodet.


Du kan bruke PC, Mac, mobil eller nettbrett, men det kan verte noko smått på mobil. Vi anbefalar nettlesaren Chrome eller Microsoft Edge. Dersom du brukar Mac eller iPhone, bruk nettlesaren Safari. Bruk gjerne hovudtelefonar. ​

Vi anbefalar at du testar lyd/bilete i forkant av kurset, gå til: join.nhn.no

Skriv inn fornamnet ditt og første bokstav i etternamnet ditt, klikk OK. Klikk på Video og tast inn følgande testnummer: 998112. Følg instruksjonane på skjermen.

Symbol test JOIN

Vi anbefalar ei bandbredde på minimun 10 mbit/s for å gjennomføre eit stabilt videomøte/kurs.​ Dersom du opplev utfordringar, sjekk ulike innstillingar, sjå spørsmål og svar eller få svar via Norsk helsenett sine nettsider: Om JOIN

 

Kontaktinformasjon og støtte

Har du utfordringar med oppkopling til kurs eller andre tekniske spørsmål knytt til digitale kursrom? Ta kontakt på 72 57 40 00 (gjeld berre tekniske spørsmål). 
Opningstid  alle kvardagar frå kl. 08.30 - 15.00.

 
Ved andre spørsmål kan du ta kontakt med Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal eller den aktuelle sjukehusavdelinga der du er tilvist til kurstilbodet. 
 

​​Personvern

Ved at ein skriv inn navnet sitt og loggar seg inn i JOIN-løysinga bekreftar ein at man har lest og samtykker i Norsk helsenett sine vilkår for bruk og personvernreglar. 

Ein har per i dag ikkje høve til å bruke Join-møterom til sensitivt innhald slik som ved videokonsultasjonar. Under digitale kurs for pasientar og pårørande har kursleiar ansvar for at kursrommet låsast, kontrollere at dei som er tilstades er påmeldte og informere om personvern.

Det skal informerast om moralsk taushetsplikt og at deltakarar bør unngå å dele personsensitive opplysningar ein ikkje sjølv ønsker at andre utanfor kurset skal vite omEin oppfordrar til at kun påmeldte skal høyre innhaldet fra kurset, men når kamera er skrudd av kan ein ikkje vere hundre prosent sikker på om andre enn påmelde til kursa deltek i det digitale rommet, sjølv om kursleiar skal arbeide for at ingen uvedkommande deltek.​

Du finn vilkår og generell informasjon på heimesidene til Norsk hels​enett

Ved andre spørsmål knytt til personvern kan personvernombodet kontaktast via e-post til postmottak@helse-mr.no. Nærare informasjon om korleis personopplysingane dine vil bli behandla, står i personvernerklæringa vår.

Under digitale kurs

Du vil få informasjon om kurshaldar i starten av kurset korleis kurset vert lagt opp samt om funksjonar i det digitale rommet.​

Når du loggar inn i kurs/møterommet vil du sjå eit stort vindu der førelesarar/vertar og presentasjonar vert vist*. Til venstre kan du opne opp eit sidepanel med innstillingar og chat. Nedst på skjermen din vil du få opp ei verktøylinje med ulike symbol, med forklaring når du held musepeikaren over symbolet. Pass på at symbolet heilt til venstre (innkommende lyd) ikkje er skrudd av. Kamerasymbolet kan du velge å skru av og på etter avtale under kurs. Vi anbefalar at du klikkar på symbolet med mikrofon slik at du skrur av din eigen mikrofon for å ikkje forstyrre. Trykker du på den raude knappen vil du avslutte/logge av kurset og dette kan gjerast først når kursdagen er over.

*Med atterhald om at det kan kome endringar i menyar frå Norsk helsenett

Ein kan halde musa på venstre side av skjermen og klikke på Vis sidepanel, då vil ein få opp eit panel til venstre. Øvst oppe i panelet ser ein tre prikkar, her finn ein innstillingar til lyd/bilete ol. Ved å klikke på symbolet med personar får ein opp deltakarane.

Ved å klikke på snakkebobla får ein opp chat (sjå bilete under). Nedst på sida kan ein skrive i chat som alle deltakarane/ førelesarane kan sjå. 

Chat og sidepanel i JOIN

 ​

 

Sist oppdatert 02.05.2023