Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

20 år med hjarterehabilitering og kompetansesenter

I år er det 20 år sidan hjarterehabiliteringa starta ved Volda sjukehus og det populære tverrfaglege kurstilbodet er fortsatt i drift.

Publisert 04.05.2022
Sist oppdatert 24.08.2022
Ulike involverte i hjarterehabiliteringskurs 2022
Intensiv- og kariologisk sjukepleiar Anne Grethe Vågen, brukarrepresentant Henry Batts, kardiologisk sjukepleiar Maria Hansen og rådgivar Sissel Ørstavik Aase ved LMS

​Hjarterehabilitering - eit tverrfagleg kurstilbod

Intensiv- og kardiologisk sjukepleiar ved medisinsk poliklinikk, ​Anne Grethe Vågen har vore med heilt frå starten i 2002, då tilbodet vart etablert ved Volda sjukehus. Den gong var det ingen tilbod for pasientopplæring for denne gruppa.

Hjarterehabiliteringa er eit tverrfagleg kurstilbod for personar som har hatt hjarteinfarkt, utført bypassoperasjon eller fått påvist avleiring/blokka eller stenta kransarteriane i hjartet. Tilbodet inneheld både undervisning og erfaringsutveksling, samt tilpassa trening i grupper rettleia av fysioterapeut, kalla "hjartetrimmen".

Ein viktig del av opplæringstilbodet skjer gjennom brukarrepresentant Henry (Tom) Batts. Han er sjølv hjarteoperert, og har delteke på kursa i fleire år der han deler sine erfaringar om korleis det er å leve med hjartesjukdom. Kursleiar Anne Grethe Vågen nærmar seg pensjonistalder og jobbar med å vidareføre stafettpinnen til kardiologisk sjukepleiar Maria Hansen. Dei er begge opptekne av at det tverrfaglege tilbodet vert vidareført og oppretthaldt.

Plakat

Plakat frå hjartetrimmen

20-års jubileet for hjarterehabiliteringa har vorte markert i det små der ein mellom anna har hengt opp historiske plakatar frå hjartetrimmen i trappeoppgangen ved Volda sjukehus samt avisintervju i lokalavisa Møre. 

Det er også 20 år sidan forgjengaren til dagens Lærings- og meistringssenter (LMS) oppstod i Volda; Kompetansesenter for pasientinformasjon og opplæringstilbod (KPI). Der vart Jan Ole Bolsø tilsett som leiar av kompetansesenteret i 2002, som var eit samarbeidsprosjekt mellom Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Våren 2003 vart LMS  Helse Sunnmøre oppretta med Grete Halleråker som leiar og året etter starta LMS Nordmøre og Romsdal opp. I åra framover skjedde det store endringar med nye prosjekt, fleire tilsette og organisatoriske endringar. I 2011 vart dei ulike sentra slått saman til eit felles Lærings- og meistringssenter i det nye helseføretaket Helse Møre og Romsdal, slik det også er i dag. 

Det har vore utsikiftingar av tilsette opp gjennom åra, og arbeidet har utvikla seg i tråd med samfunnet, med auka bruk av digital opplæring og forsatt fokus på samhandling og tverrfagleg samarbeid. 

Pasient- og pårørandeopplæring i dag

I dag har Lærings- og meistringssenteret i Møre og Romsdal 7 tilsette, aktivitet ved alle sjukehusa og ROPP som er ein regional funksjon for opplæring av pasientar og pårørande i heile Midt-Norge. Lærings- og meistringssenteret jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.

Det er ikkje berre hjarterehabilitering ein tilbyr i fylket. Når det gjeld pasient- og pårørandeopplæring og kurstilbod, finst det godt over 100 ulike kurs for ulike diagnoser og målgrupper. 

Mange av kursa (som hjarterehabiliteringa) går kontinuerlig, medan andre kan vere ved behov. Det er heile helseføretaket som står bak alle desse tiltaka og utan stor aktivitet frå helsepersonell ved avdelingane ville ikkje ein så stor aktivitet vere mogleg. Lærings- og meistringssenteret er ein støttespelar og pådrivar og kan vere delaktig i tilboda, men det er dei ulike fagmiljøa som i samarbeid med brukarar/brukarorganisasjonar, som står for innhaldet i dei ulike kurstilboda.


Her finn du oversikt over relevante kurstilbod for deg eller dine pårørande