Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarrepresentantar med på kurs i helsepedagogikk

For første gong er brukarrepresentantar med på kurs i helsepedagogikk saman med helse- og sosialfaglig personell.

Toril Kvisvik
Publisert 23.10.2017
Sist oppdatert 19.01.2018
En gruppe mennesker som sitter i stoler
Kjekt å sitte ved same bord.

​Kurset skal bidra til at pasientar og pårørande får enda betre og fleire opplæringstilbod i Møre og Romsdal, og at sjukehusa, kommunane og brukarrepresentantar kan samarbeide godt om dette.

- Det skal bli kjekt å sitte ved same bord, sa ein av deltakarane under diskusjon av kva forventningar deltakerane hadde.

Initiativ frå brukarar

Med bakgrunn i spørsmål frå brukarrepresentantar og samråd med Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal (HMR), vart kurset lagt opp slik at brukarrepresentantar, personell frå kommunane og frå helseføretaket var med på same kurs.

Kurs over 3 dagar

Dei to fyrste dagane av kurset vart gjennomført 16. og 17. oktober, her var det ei fin blanding av tilsette i HMR, kommunar og brukarrepresentantar. Tema var mellom anna brukarmedverknad, samhandling mellom brukarrepresentantar og fagpersonar i pasient- og pårørandeopplæring, helsepedagogikk og gruppeprosessar.
Den tredje og siste dagen av kurset er 2. november. Då skal alle ha arbeid med ei oppgåve kor deltakarane skal presentere enten eit nytt opplæringstilbod, halde eit anna aktuelt føredrag eller fortelle si eiga mestringshistorie. Da kjem også det nye ungdomsrådet i HMR og fortel om sitt arbeid.

Målsetting

Målsetting med kurset er å få brukarrepresentantar og tilsette i stand til å planlegge, gjennomføre og bidra i gruppebaserte opplæringstiltak for pasientar og pårørande.
Mange av deltakerane hadde høge forventningar om effekten av at både fagpersoner og brukarrepresentantar får same opplæring og at det ville prege diskusjonane i gruppa. Diskusjonane vart mange og gode og intrykket var at samansettinga fungerte særs godt.

Samarbeid

Kurset vert arrangert av Lærings- og mestringssenteret og er utvikla i eit samarbeid mellom representant frå Klinikk for barn og unge, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) Møre og Romsdal og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO).