Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digitalt eller fysisk kurs? Ja takk, begge deler

Nyleg utførte medisinsk avdeling på Molde sjukehus og Lærings- og meistringssenteret (LMS) eit fysisk pasient- og pårørandekurs om diabetes med digital overføring til Rauma Friskliv og mestring.

Publisert 04.11.2021
Sist oppdatert 10.05.2023
Deltakere på digitalt og fysisk kurs
Frå fysisk og digitalt overført kurs Molde/Rauma. Bilete med løyve frå deltakarane.

Friskliv og mestring i Rauma tok initiativ til dette samarbeidet på bakgrunn av blant anna lang reiseveg for deltakane. Kurset vart arrangert frå festsalen på Molde sjukehus, der førelesarar og ei gruppe deltakarar satt. På helsehuset i Rauma var det samstundes samla ei gruppe med deltakarar, der den digitale overføringa føregjekk, med god kommunikasjon mellom stadane med både lyd og bilete. 

​Ein deltakar i Rauma uttrykte etter kurset at " Jeg har fått bedre forståelse for hva diabetes innebærer" og ein tilsett i Rauma skreiv at "vi følte oss absolutt som en del av kurset". Ved spørsmål til deltakarane som var fysisk til stades på sjukehuset i Molde var det også berre positive tilbakemeldingar med å gjennomføre kurset på denne måten.

Digitalt overført fysisk kurs Molde

Slik såg det ut på storskjerm for deltakarane i Rauma

Diabetessjukepleiarane ved medisinsk avdeling og LMS tru​r dette kan gi mange moglegheiter og vere ein god måte å skape betre samhandling. Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal meiner ei slik "hybridløysing" der ein både kan møtast fysisk, men også vere deltakande digitalt, er ei metode vi tek med oss vidare inn i arbeid med planlegginga av opplæringstilbod og kurs framover. Vi ønsker å gi moglegheiter for å kunne møte opp fysisk andre stadar i fylket vårt, enn der kurset haldast, for dei som ønsker eller har behov for dette. Dette kan til dømes vere på eit av Lærings- og meistringssentra ved sjukehusa eller frisklivssentralar ol.​ Dette i tillegg til å tilby kurs og opplæringstilbod med kun fysisk oppmøte og heildigitale kurs der dette er mest hensiktsmessig. 

Andre kurs eller opplæringstilbod til for pasientar og pårørande framover finn du i kurskatalogen til LMS.