Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient- og pårørandeopplæring våren 2025

Helse Møre og Romsdal tilbyr kurs- og gruppetilbod for brukarar, pasientar og pårørande. Lærings- og meistringssenteret arbeider for å gjere opplæringstilbod kjent og utvikle likeverdige læringstilbod i samarbeid med brukarar og helsepersonell.

Publisert 23.01.2025
Sist oppdatert 04.02.2025
et barn og en kvinne som sitter i en sofa der kvinnen forteller noe

Foto: colourbox

Denne månaden sender Lærings og meistringssenteret (LMS) ut oversikter/plakatar over utvalde tilbod ved dei enkelte sjukehusområda til legekontor, kommunar, apotek, brukarorganisasjonar, sjukehusavdelingar og andre aktuelle samarbeidspartar.

Opplæring av pasientar og pårørande er ein av helseføretaka sine fire hovudoppgåver. Vi ønsker å tilrettelegge for at alle som har behov får eit tilbod om opplæring. Det er fagpersonar og helsepersonell ved dei ulike sjukehusavdelingane som er fagleg ansvarlege for opplæringstilbodet. LMS er ein støttespelar i arbeidet i likeverdig samarbeid med helsepersonell og erfarne brukarrepresentantar som har kjennskap til korleis det kan vere å leve med den gitte helseutfordringa eller diagnosen. 

Ver merksam på at du treng tilvisning frå din fastlege eller behandlar for å delta på kurs.Sjekk ut våre kurstilbod i kurskatalogen vår her.

Kurs og gruppetilbud Sjukehuset Nordmøre og Romsdal 

Denne våren er det innflytting i nye sjukehuset på Hjelset for Nordmøre og Romsdal (SNR), dermed er det fleire kurs i området som blir utsatt. Dersom du bur på Nordmøre eller Romsdal og kurset du ønsker å delta på er utsatt, kan du sjå om det er kurs på andre sjukehus i fylket der du kan melde deg på. Sjå kurskatalogen vår  for nærmare informasjon om kva kurs som går eller snakk med din behandlar eller fastlege.

Pasient- og pårørandeopplæring

Kurs og gruppetilbod.
Pasient og pårørandeopplæring
en mann som sitter på ryggen til en annen mann og ler

På samme side kan du også finne kva kurs og gruppetilbud som finst i di kommune. For å delta på kurs i di kommune kontakt kommunen din.

Har du spørsmål eller behov for å snakke med ein av rådgjevarane ved Lærings- og meistringssenteret kontakt: ​

Volda sjukehus: Camilla Kleppe Eidså, tlf. 90 53 13 24

Marita Øye, tlf. 70 16 87 32

Ålesund sjukehus: Jenni-Mari Dimmen, tlf. 90 55 19 30 
 
Molde sjukehus: Astrid Ljøkjell Solem, tlf. 93 09 18 16 eller
Camilla Slutås Lund, tlf.  41 68 45 64  
 
Kristiansund sjukehus: Rita Overvåg, tlf. 98 44 67 32

 

 

 

 

 

Lærings- og meistringssenteret

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Møre og Romsdal jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si. Læringstilbod vert planlagt og gjennomført i samarbeid med brukarar og helsepersonell. Vi samarbeider også med kommunar innan læring og meistring og overfører helsepedagogisk kompetanse til helsepersonell. Du finn oss ved alle sjukehusa i fylket med kontaktinfo under meir om Lærings- og meistringssenteret.
Lærings-og meistringssenteret
En gruppe kvinner som poserer for et bilde