Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lunsjwebinar om pårørandeforsking

Onsdag 25. mai kl. 1100 - 1200 er alle som har interesse av læring, meistring og helsekompetanse for brukarar, pasientar og pårørande velkomne til å delta på webinar med temaet "Hvilken effekt og utbytte har pårørende av kurs og gruppetilbud?"

Publisert 09.05.2022
Sist oppdatert 19.12.2024
klosser som viser bokstavene webinar

Foto: colourbox

​På webinaret 25. mars presenterer Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) resultata av ei kunnskapsoppsummering knytt til forsking på pårørande. Det vert også moglegheit for å stille spørsmål undervegs.

Tidlegare samarbeida Helse-Midt Noreg om videokonferansar og webinar knytt til læring- og meistringsfeltet. Frå 2022 er webinara løfta opp på eit nasjonalt nivå for å nå fleire og sikre god kvalitet. Neste kurs vert hausten 2022.

Webinara er basert på eit samarbeid mellom dei fire helseregionane (Helse Vest, Helse Nord, Helse Sør-Øst og Helse Midt) og Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH).​

Lenke til webinaret 25. mai 2022 (Microsoft Teams)



Samla oversikt over webinar innan læring og meistring