Meld deg på vårens diaglogkafé
Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal inviterer igjen alle som er involverte i brukarorganisasjonar, pasientorganisasjonar eller andre interesserte til dialogkafé og samarbeid rundt pasient/brukar- og pårørandeopplæring onsdag 10.april 2024.
Vi er veldig glade for at vi har kome godt i gang med ein slik møtestad, seier teamkoordinator i Lærings- og meistringssenteret (LMS), Astrid Ljøkjell Solem. For LMS er eit godt samarbeid med brukarorganisasjonar og brukerutvalet/ungdomsrådet viktig. Vi arbeider med brukarmedverknad på fleire måtar og inviterer igjen til dialogkafé, etter positive tilbakemeldingar og god dialog ved førre dialogkafear i Ålesund og Kristiansund i 2023.
No inviterer vi på nytt til dialogkafé, denne gongen på Søre Sunnmøre, i Ørsta. Hovedtema for komande dialogmøte vil vere Pasientreiser, i tillegg til tema som presentasjon av ulike brukarorganisasjonar, koordinerande eining og barn som pårørande i tillegg til vegen vidare. Vel møtt til alle som ynskjer å delta! Du treng ikkje å ha delteke på førre dialogkafé for å ha utbytte av ettermiddagen.
Tid: Onsdag 10. april 2023 kl. 15.00 - 17.30
Stad: Ørsta (Røde kors lokalet)
Det vert servering av kaffe, te og enkel kaffemat.
For påmelding til dialogkaféen send e-post til rådgjevar Camilla Kleppe Eidså ved LMS (Volda) på e-post: camilla.kleppe.eidsa@helse-mr.no
Påmeldingsfrist innan 3. april 2024.
Plakat for dialogkafé 10. april 2024 (pdf)
Nyttige lenker
Oversikt over ulike kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande i HMR
Pasientreiser (for innbyggarane) HelseNorge
Pasientreiser (informasjon mest for helsepersonell)