Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meld deg på vårens diaglogkafé

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal inviterer igjen alle som er involverte i brukarorganisasjonar, pasientorganisasjonar eller andre interesserte til dialogkafé og samarbeid rundt pasient/brukar- og pårørandeopplæring onsdag 10.april 2024.

Publisert 20.12.2023
En stabel med steiner på en strand
Illustrasjonsfoto: Colorbox

Vi er veldig glade for at vi har kome godt i gang med ein slik møtestad, seier teamkoordinator i Lærings- og meistringssenteret (LMS), Astrid Ljøkjell Solem. For ​LMS er eit godt samarbeid med brukarorganisasjonar og brukerutvalet/ungdomsrådet viktig. Vi arbeider med brukarmedverknad på fleire måtar og inviterer igjen til dialogkafé, etter positive tilbakemeldingar og god dialog ved førre dialogkafear i Ålesund og Kristiansund i 2023.

No inviterer vi på nytt til dialogkafé, denne gongen på Søre Sunnmøre, i Ørsta. Hovedtema for komande dialogmøte vil vere Pasientreiser, i tillegg til tema som presentasjon av ulike brukarorganisasjonar, koordinerande eining og barn som pårørande i tillegg til vegen vidare. Vel møtt til alle som ynskjer å delta! Du treng ikkje å ha delteke på førre dialogkafé for å ha utbytte av ettermiddagen.

Tid: Onsdag 10. april 2023 kl. 15.00 - 17.30
Stad: Ørsta (Røde kors lokalet)

Det vert servering av kaffe, te og enkel kaffemat. 

For påmelding til dialogkaféen send e-post til rådgjevar Camilla Kleppe Eidså ved LMS (Volda) på e-post: camilla.kleppe.eidsa@helse-mr.no
Påmeldingsfrist innan 3. april 2024.

Plakat for dialogkafé 10. april 2024 (pdf)

Nyttige lenker

Oversikt over ulike kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande i HMR

Pasientreiser (for innbyggarane) HelseNorge

Pasientreiser (informasjon mest for helsepersonell)